Fiskeri- og kystdepartementet

Skal sikre berekraftige kystselbestandar

Nyhet   •   nov 08, 2010 17:16 CET

Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke forvaltningsplanar for kystselbestandane steinkobbe og havert. Det blir jakta på desse kystselane, og i forvaltningsplanane fastset departementet forvaltningsmål som inneber at utbreiinga av selbestandane skal haldast oppe på lang sikt og at berekraftige bestandar skal sikrast innanfor dei naturlege utbreiingsområda.

Ved behandlinga av Stortingsmelding nr. 46 (2008-2009) om norsk sjøpattedyrpolitikk slutta Stortinget seg til prinsippa i forvaltningsplanane og måltala for kva som skal reknast som livskraftige bestandar. For steinkobbe skal ein bestand på 7000 dyr sikre målet om livskraftige bestandar, samtidig som skadeomfanget frå selen på fiskerinæringa blir avgrensa. For havert skal 1200 ungar årleg vere måltalet.

Innanfor desse hovudmåla skal prosedyrane i forvaltningsplanane sikre berekraftige kvotar for kystselbestandane.

Jakt kombinert med aktiv bruk av habitatvern skal sikre at ein når måla som er sette for kystselforvaltninga.

Meir informasjon på Havforskingsinstuttet sine nettsider