Utenriksdepartementet

Solheim besøkjer India og Bangladesh

Nyhet   •   nov 19, 2010 09:38 CET

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal snakke om kva India kan lære av dei nordiske samfunna. Han skal òg opne Grameen Phone sitt nye hovudkvarter og sjå på skipsopphogging.

Solheim deltek på eit toppmøte for det største partiet i India om sosialdemokrati. Han er invitert av leiaren i Kongresspartiet, Sonia Gandhi. Solheim skal snakke om korleis erfaringar frå dei nordiske samfunna kan vere nyttige for India.

Solheim skal òg lansere eit nytt program for kvinner som deltek i politikk på landsbygda. Han er i India 19.-21. november.

I Bangladesh skal Solheim opne det nye hovudkvarteret til Grameen Phone i hovudstaden Dhaka. Han deltek saman med mellom anna Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas.

Solheim skal òg på feltbesøk til Chittagong for å sjå på miljøproblema rundt opphogging av gamle skip.

Bilete til fri bruk vert lagt ut på UDs Flickr-side.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, 917 17 459 (med på reisa). Pressevakt for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms).

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.