Miljøverndepartementet

Solheim deltek på seminar om FN sitt naturmangfaldmøte

Nyhet   •   sep 28, 2010 09:21 CEST

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltek onsdag på eit seminar før FN sitt store naturtoppmøte i Japan i oktober.

Den siste veka i oktober arrangerer FN sitt toppmøte om naturmangfald, det tiande partsmøtet i konvensjonen for biologisk mangfald, i Nagoya i Japan. Her skal det blant anna lanserast nye mål i kampen for å stanse tapet av artar.

I samanheng med dette møtet, arrangerer fleire av miljøvernorganisasjonane eit seminar. Ved sidan av miljø- og utviklingsministeren og den norske delegasjonsleiaren Birthe Ivars frå Miljøverndepartementet vil blant anna professor Dag O. Hessen halde innlegg om Noreg sitt ansvar for biologisk mangfald i verda.

Kvar: Miljøhuset G9, Grensen 9b, Oslo
Når: 09-12.30 onsdag 29. september (miljø- og utviklingsministeren er til stades frå 11-12).

Det blir mogleg for pressa å få separate intervju med statsråden.

Les meir om seminaret på Naturvernforbundet sine heimesider.

Les meir om FN sin konvensjon for biologisk mangfald og møtet i Nagoya på CBD sine heimesider.