Miljøverndepartementet

Solheim leiar stort havmiljømøte i Bergen

Nyhet   •   sep 23, 2010 09:54 CEST

Torsdag og fredag møtes ministre og andre sentrale personar frå landa rundt Nord-Aust-Atlanteren i Bergen for å diskutere miljøutfordringane dette viktige havområdet står overfor. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim leiar møtet i den såkalla OSPAR-konvensjonen.

OSPAR- samarbeidet har vore viktig for Noreg gjennom snart 40 år. Og det er spanande at vi under møtet i Bergen vil klare å vedta opprettinga av marine verneområde i internasjonalt farvatn, seier Solheim.

Andre viktige tema under møtet i Bergen vil vere følgjene av klimaendringane for havområdet, havforsuring, forsøpling og offshore olje- og gassverksemd.

I alt femten land er medlemmer av OSPAR-konvensjonen. Ved sida av Erik Solheim vil blant andre EU sin miljøkommissær Janez Potocnik, Danmark sin miljøvernminister Karen Ellemann og Island sin miljøvernminister Svandis Svavarsdóttir delta på møtet.

Møtet vil være på Hotel Radisson Blu Bryggen, og Erik Solheim vil halde ein pressekonferanse fredag kl. 11.30.

Les meir om møtet i Bergen på heimesida til OSPAR-konvensjonen