Miljøverndepartementet

Solheim på synfaring i Engebøfjellet

Nyhet   •   nov 14, 2011 10:38 CET

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal tysdag 15. november på synfaring i Engebøfjellet i Sogn og Fjordane der det er søkt om gruvedrift og fjorddeponi.

Området ligg i Naustdal kommune. Fiskeridirektoratet har lagt ned motsegn mot fjorddeponiet, og saka ligg no til avgjerd i Miljøverndepartementet.

Miljøverndepartementet skal også handsame  søknaden om utsleppsløyve.

Pressa kan delta på heile synfaringa, og statsråden vil vere tilgjengeleg for intervju.

Program:
Kl 10.00 – 12.15:
Informasjonsmøte med dei ulike partane i i Fosshalla forsamlingslokale i Naustdal. Lokalet er utan trådlaust internett, men pressa kan få tilgang til internett i kommunehuset i Naustdal sentrum dersom dei treng det.

Kl. 12.35 – 14.30: Synfaring med buss
12.35 – 12.55:  Buss Naustdal – Dalåsen
12.55 – 13.10:  Stopp på Dalåsen - utsikt mot Engebøfjellet og område for landdeponi. Her vil ein ikkje gå ut av bussen.
13.15 – 14.25:  Stopp på Engebø – her skal ein ut av bussen - det blir møte med grunneigarar og høve til separatintervju.
14.25 – 14.30:  Buss Engebø – Vevring
14.30 – 14.50:  Stopp v/Fjordbutikken i Vevring. Eige program v/Vevring grendalag, Vevring og Førdefjorden miljøgruppe og Naturvernforbundet Indre Sunnfjord

Fullstendig program.