Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 41

Nyhet   •   okt 11, 2010 09:27 CEST

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 11. oktober – onsdag 13. oktober
Statsministeren er i Addis Abeba, Etiopia. Der leiar han det siste møtet i FNs generalsekretærs rådgjevingsgruppe for klimafinansiering. Sjå priv. til red.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Torsdag 14. oktober
Kl.11.30: Statsministeren held tale på landsmøtet for fagforbundet Industri Energi. Stad: Folkets Hus i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.

Fredag 15. oktober
Kl. 11.40: Statsministeren tek imot presidenten i Sveits, Doris Leuthard. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Etter samtalen, ca. kl. 12.10, er dei to tilgjengelege for pressefolk. Stad: Statsministerens kontor.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Kl. 13.00: Statsministeren er vert for ein regjeringslunsj i høve det sveitsiske statsbesøket. Ein fotopool kor ANB, NRK/TV eller TV2, Scanpix og Se og Hør er norske deltakarar, kan arbeide idet gjestane går til bords. Stad: Regjeringas representasjonsbustad i Parkveien 45.

Pressekontakt kommunikasjonsrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Kl. 15.30: Statsministeren held innleiing på landsmøtet til AUF. Stad: Samfunnssalen i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.