Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 48

Nyhet   •   nov 29, 2011 10:18 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Tysdag 29. november
Kl. 12.00: Statsminister Jens Stoltenberg møter Kosovos statsminister Hashim Thaçi. På dagsorden står bilaterale samtalar, blant anna om norsk bistand til regionen.

Det er høve til å fotografere ved innleiinga til møtet. Stad: Statsministerens kontor, Glacisgata 1.

Pressekontakt for statsminister Jens Stoltenberg er seniorrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Onsdag 30. november
Kl. 19.00: Statsministeren møter forbundskanslar Angela Merkel til bilateral arbeidsmiddag i den tyske regjeringas representasjonsbustad, Schloss Meseberg. Eit hovudtema vil vera den internasjonale finanskrisa. Dessutan vil dei drøfte ei rekkje andre internasjonale og bilaterale spørsmål.

Dei to regjeringssjefane er tilgjengelege for akkreditert presse før møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgjevar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Søndag 4. desember
Kl. 11.30: Statsminister Jens Stoltenberg held tale ved kongressen til det sosialdemokratiske partiet (SPD) i Berlin.

Pressekontakt er politisk rådgjevar Sindre Fossum Beyer, telefon 909 92 078.