Statsministerens kontor

Statsministerens program veke 9

Nyhet   •   feb 28, 2011 09:42 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.30 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 28. februar
Kl. 09.30: Statsministeren møter Russlands første visestatsminister Viktor Zubkov på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved starten av møtet.

Zubkov er i Noreg som medformann for den norsk-russiske regjeringskommisjonen for økonomisk, industrielt og teknisk-vitskapleg samarbeid som har møte same dag.

Pressekontakt er seniorrådgjevar Øivind Østang, telefon 913 46 470.

Onsdag 2. mars
Kl. 09.00: Statsministeren held innleiing på FAFO-konferansen 2011. Stad: Folkets Hus i Oslo.

Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 995 41 911.

Ski-VM:
Statsministeren vil denne veka vere til stades på fleire øvingar under ski-VM i Oslo. Han vil også ta imot besøk av statsministerkollegaer frå utlandet. Ved sida av å ha politiske samtalar, vil statsministeren vere vert for sine kollegaer på arenaene i Holmenkollen.

Sjå program for statsministeren under ski-VM.