Utenriksdepartementet

Statssekretær Fiskaa besøkjer flaumramma i Pakistan

Nyhet   •   sep 01, 2010 09:29 CEST

Statssekretær Ingrid Fiskaa besøkjer i dag Pakistan for å samle inntrykk av flaumkatastrofa. Ho skal sjå nærare på kva Pakistan treng av vidare nødhjelp og for å byggje opp landet igjen.

Fiskaa skal på feltbesøk til områder som er råka av flaumen. Der skal ho mellom anna besøkje FN-organisasjonar og frivillige organisasjonar som har fått stønad frå Noreg.

- Dei ufattelege øydeleggingane er ikkje over. Dei langsiktige behova for å byggje opp landet igjen er enorme, seier statssekretær Ingrid Fiskaa.

I møter med pakistanske styremakter og organisasjonar skal Fiskaa snakke om konsekvensane av flaumkatastrofa.

Noreg offentleggjorde 12. august norsk stønad på 100 millionar kroner til flaumofra i Pakistan. FN sitt nødhjelpsfond (CERF) brukar også norske pengar. Til saman er dermed den norske stønaden oppe i 115 millionar kroner. Les meir om fordelinga av pengane her.

Fiskaa heldt også det norske innlegget på FN sitt hastemøte om Pakistan i New York i august. Les meir om det her.

Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, mobil 992 18 303 (med på reisa).

Ta kontakt for detaljar i programmet eller bilete frå feltbesøk. Er det dårleg dekning, ring pressevakta for utviklingssaker: 913 95 000 (ikkje SMS).

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lette å lese. Solheims rådgjevarar brukar Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 33. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.