Fiskeri- og kystdepartementet

Statssekretær Vidar Ulriksen fortalde om norske klimautfordringar

Nyhet   •   des 17, 2009 09:59 CET

I talen sin på arrangementet ”Seas the future” i København 16. desember, snakka statssekretær Vidar Ulriksen blant anna om norske utfordringar knytt til fiskeri og klima.

-Noreg er ein av dei største eksportørane av fisk i verda, og blant dei landa som kan bli ramma hardt av dei følgjene klimaendringar kan få for livet i havet. God forvaltning er nøkkelen til å sikre robuste fiskebestandar i ei tid med klimaendringar. Ved å dele forvaltningskunnskapen vår med andre land, legg vi til rette for at også framtidige generasjonar kan leve av å hauste frå havet, sa statssekretær Vidar Ulriksen.

”Seas the future” er eit sidearrangement til klimakonferansen i København. Det var styresmaktene på Færøyane som stod bak arrangementet, og blant deltakarane var ministrar frå Færøyane, Island og Indonesia. Arrangementet tok for seg dei klimautfordringane som øyar og kystnasjonar står overfor, og prøvde å finne ut korleis ein kan auke samarbeidet mellom nordatlantiske land og utviklingsland på område som havforsking, berekraftige fiskerinæringar og utvikling av havbasert fornybar energi.