Forsvarsdepartementet Norge

Statssekretæren vitja Bosnia og Herzegovina

Nyhet   •   nov 24, 2010 09:17 CET

Statssekretær Roger Ingebrigtsen vitja Bosnia og Herzegovina 18. og 19. november 2010. Han hadde politiske samtalar med viseforsvarsminister Marina Pendes og vitja mellom anna NATO hovudkvarteret i Sarajevo og det internasjonale treningssenteret for fredsoperasjonar som er etablert utanfor Sarajevo.


Viseforsvarsminister Marina Pendes og statssekretær Roger Ingebrigtsen. - Foto: Norges ambassade.

I samtalane med viseforsvarsminister Marina Pendes vart det bilaterale samarbeidet mellom Noreg og Bosnia og Herzegovina diskutert, i tillegg til regionalt samarbeid og europeisk og euroatlantisk integrasjon. Marina Pendes var svært godt fornøgd med den støtta Noreg bidrar med i reformprosessen innanfor forsvarssektoren. I tillegg trekte ho òg frem den støtta Noreg har gjeve gjennom den norske ambassaden i Sarajevo i kraft av å være NATOs kontaktambassade for Bosnia og Herzegovina i dei siste fire åra.

-Eg er svært godt fornøgd med framdrifta i reformprosessen innanfor forsvarssektoren, og det felles forsvarsdepartementet som er etablert på statsnivå framstår som profesjonelt og godt drevet. Eg ynskjer Bosnia og Herzegovina velkomen inn i NATOs Membership Action Plan (MAP) og håpar at eigarforholda for forsvarseigendomar snart vil verta avklara slik at Membership Action Plan kan aktiverast. Noreg vil framleis vere ein aktiv støttespelar for Bosnia og Herzegovina, seier statssekretær Roger Ingebrigtsen.

Statssekretæren deltok òg på den høgtidsame opninga av eit NATO Trust Fund (NATO Perspektiva Programme) som er etablert for å støtte omskulering og reintegrering av soldatar tilbake til det sivile liv etter at dei passerer aldersgrensa på 35 år. Ni nasjonar har deltatt i etableringa av eit fond på meir enn 5 mill Euro. Noreg er ein av leiarnasjonane og leiar styringskomiteen for det nye fondet. Fondet vil støtte omskulering og reintegrering av omtrent ca. 3300 soldatar over ein periode på tre år.


Statssekretær Roger Ingebrigtsen i Bosnia og Herzegovina. - Foto: Norges ambassade.

Statssekretær Ingebrigtsen seier han er svært nøgd med at fondet har vorte etablert, og at Noreg vil spela ein aktiv rolle i gjennomføringsfasen. Han uttrykkjer tilfredsheit med at det er bygd inn ein komponent i fondet som omfattar kapasitetsbygging i det bosniske forsvarsdepartementet slik at dei i framtida vil verta i stand til å håndtere dette sjølve.