Landbruks- og matdepartementet

Stor interesse for å auke juletredyrking

Nyhet   •   okt 07, 2010 16:08 CEST

I løpet av det siste året har det blitt stor interesse for å utvide eksisterande og etablere nye juletreplantasjer i Rogaland.  Det aller meste av auken skjer på Haugalandet, i  Ryfylke og i Dalane. Plantinga skjer for det meste  på skogsmark, men også på dyrka jord og beiteareal.

Mellom 20 og 30 bønder i Rogaland har til nå fått laga planar til utviding eller nyetablering av juletreplantasje. Mange av dei dyrkarane som har  drive juletreproduksjon i dei siste 15 - 20 åra, ser nå  at dette er ein produksjon dei  vil satsa vidare på og dermed vil dei utvide.

Betydeleg auke
Auken i produksjonsarealet er betydeleg, frå 50 daa og til 250 daa på dei enkelte bruka. Etableringa vil skje over ein 10-års periode. Til denne tid i år er det planlagt  nytt areal på vel 2000  daa. Dette tilsvarar ei nytilplanting på ca 1,5 millionar tre.

Forsidefoto: Plantefelt for juletrær. Foto: LMD.