Miljøverndepartementet

Stor interesse for konferansen Frå klimakur til klimapolitikk

Nyhet   •   sep 10, 2010 15:43 CEST

Det er no 270 påmeldte til Miljøverndepartementet sin konferanse for å få innspel til Klimakur-rapporten. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim held opningsinnlegget på konferansen måndag 13. september kl. 09.30.

Klimakur 2020 viser korleis Noreg kan oppfylle målet om innenlandske reduksjonar i klimagassutsleppa. Det har kome om lag 120 høringsuttaler som no blir gjennomgått. Det skal leggjast fram ei stortingsmelding i 2011 om klimapolitikken og behovet for endra verkemiddel.

I den forbindelse arrangerer Miljøverndepartementet konferansen ”Frå Klimakur til klimapolitikk” for å få innspel innanfor utvalde sentrale tema i klimapolitikken.
Konferansen arrangerast på Scandic Edderkoppen 13. september 2010 kl 09.00-16.00. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim opnar møtet kl 09.30. Det vil bli ein plenumsdel med inviterte foredragshaldarar. Etter lunsj blir det delt inn i tre parallelle sesjonar.

Konferansen blir overført på nett.

Sjå program (pdf)