Nærings- og handelsdepartementet

Studentrakett fra Andøya

Nyhet   •   okt 28, 2010 09:11 CEST

Statssekretær Pål Julius Skogholt vitja Andøya Rakettskytefelt 27-28. oktober. Årsaka til vitjinga var oppskytinga av studentraketten CaNoRok II. Raketten er del av eit norsk-kanadisk samarbeidsprosjekt som gjev studentar frå dei to landa moglegheita til å bruke dei unike fasilitetane på Andøya.

- Romteknologi er ei god måte for å motivere unge til å velje ei karriere innafor naturvitskapane. Det er særs positivt at Andøya Rakettskytefelt har satt i gang dette programmet retta mot unge naturvitskaps- og teknologistudentar, seier statssekretær Skogholt

CaNoRok er eit samarbeid mellom Andøya Rakettskytefelt, Nasjonalt senter for romrelatert opplæring (NAROM) og universiteta i Oslo, Tromsø, Bergen, Trondheim, Svalbard, Calgary, Alberta og Saskatchewan. Som del av CaNoRok-programmet vert det kvart år skoten opp ein studentrakett frå Andøya. Nyttelasten i desse rakettane vert bygd av norske og kanadiske studentar, og vert brukt til å gjere målingar til studentprosjekt.

Noreg og Canada har gjennom mange år hatt eit tett samarbeid innafor romverksemd, mellom anna om radarsatellittovervaking.

- Dei to landa har mykje å tene på å samarbeide om romteknologi. Vi er begge land med lav folketettleik og med store land- og havområdar langt mot nord.  Dermed møter vi mange felles utfordringar, seier Skogholt.