Fiskeri- og kystdepartementet

Sverige - ein nær og viktig marknad

Nyhet   •   feb 15, 2011 08:54 CET

- Sverige er ein nær, viktig, spennande og utfordrande marknad for oss. Og det er med stor glede eg er med å markere at Eksportutvalet for fisk (EFF) no har etablert verksemd også her i Sverige, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i Stockholm i dag.

- Den svenske forbrukaren stiller høge krav til at sjømaten skal vere berekraftig forvalta og frå berekraftige bestandar. Eg håper det at EFF no har ein fast utsending her i Sverige kan vere med på å gjere det kjend at Noreg driv ei aktiv og berekraftig fiskeri- og havbruksforvaltning, seier Berg-Hansen.

At EFF no har ein fast utsending i Sverige illustrerer verdien av den svenske marknaden. Sida 2008 har eksporten av torsk til Sverige auka med over 120 %. Noko av grunnane til dette kan vere at svenske forbrukarar legg vekt på at den norske torsken frå Barentshavet har blitt miljøsertifisert (MSC) og godkjent for Krav merking.