Kommunal- og regionaldepartementet

Tilgjenge for alle gjev ikkje dyre leilegheiter

Nyhet   •   nov 25, 2010 16:56 CET

Nye byggjekrav om tilgjenge vil ikkje gjere små leilegheiter betydeleg dyrare, slik nokre aktørar har hevda. Det syner ei ny utgreiing Sintef Byggforsk har laga på oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet.

- Eg er nøgd med å få stadfesta at dei nye byggjekrava gjer det fullt muleg å byggje små og rimelege leilegheiter, og samstundes sørgje for krava til tilgjenge. Vi treng bustader som er utforma slik at dei kan nyttast av alle. Difor skjerpa vi krava til tilgjenge i dei nye byggjereglane som tok til å gjelde frå 1. juli 2010, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Sintef Byggforsk har sett nærare på fem leilegheitseksempel. Rapporten syner at:

  • Fire av dei fem leilegheitene treng ikkje byggjast større for å innfri krava til tilgjenge
  • Kostnadene er relativt ubetydelege, frå om lag 400 kroner til i verste fall opp mot 40 000 kroner
  • Det er muleg å oppfylle krava om tilgjenge i ei leilegheit på 30 kvm. Dette krev at utbyggjaren har god kompetanse på planlegging
  • Baderom blir verken særskild store eller vesentleg dyrare enn tidlegare.

- Rapporten frå Sintef Byggforsk syner at nokre aktørar i byggjenæringa teiknar eit unyansert bilete av situasjonen når dei hevdar at ei toroms leilegheit må auke frå 35 til 47,5 kvm og koste heile 600 000 kroner meir for å tilfredsstille dei nye tilgjengekrava. Men det er avgjerande at utbyggjar har god kompetanse på planlegging for å få til gode løysingar på små areal, seier Navarsete.

- Dei nye krava til tilgjenge gjer kvardagen enklare for mange. Tilgjengelege omgjevnader er nyttig for nokon og ein kvar, om du til dømes har små barn i barnevogn, eit knekt bein, ryggplager, har alderdomsplager eller varige funksjonsnedsettingar, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.