Samferdselsdepartementet

Tiltak for å betre situasjonen for togreisande

Nyhet   •   jan 21, 2010 09:24 CET

- I situasjonar der lokaltog blir innstilte eller er sterkt forsinka, etablerer vi no ei ordning der pendlarane kan få nytte Flytoget eller NSB sine fjerntog, seier samferdselsminiser Magnhild Meltveit Kleppa.

Ordninga trer i kraft frå og med måndag 25. januar. Når det gjeld den praktiske gjennomføringa, så vil NSB og Flytoget i samarbeid med Jernbaneverket ta ansvaret for at dette skjer på ein god måte.


Nærings- og handelsminister Trond Giske og samferdselsminister
Magnhild Meltveit Kleppa orienterer om dei nye tiltaka på Oslo S. Foto: NHD.

NSB-tiltak
• Ekstra bemanning på verkstadene
• Har henta inn personell frå Sverige
• Administrativt personell jobbar ekstra i verkstadene
• Lokomotivførarar henta inn ekstra for å posisjonere tog og halde varmen oppe
• 30 – 50 bussar i beredskap på sentrale stasjonar

• Auka tinekapasitet i 2009 (Sundland, Drammen og Marienborg, Trondheim)
• Vintertiltak på materiellet
• Yttarlegare tinekapasitet (Filipstad, Skien og Lodalen) er i gang frå januar 2010
• Fleire toginformatørar ute
• Opne stasjonar

Langsiktige tiltak:
• 50 togsett er bestilte (verdi 4 milliardar kroner). Desse toga blir gradvis leverte og sette i trafikk frå 2011.
• NSB pussar opp tog for 2 milliardar kroner
• Ny ruteplan frå desember 2012 vil gje store forbetringar og gje kundane fordelane av nye tog og ny infrastruktur i vestkorridoren (Drammenbanen).

Jernbaneverket:

• Det er sett av om lag 2 milliardar kroner til ekstraordinære fornyingar av jernbanen i Oslo-området for åra 2010 - 2013. 10 prosent er så langt brukte.
2009: Det blei brukt 200 millionar kroner til dette føremålet
2010: Det skal brukast 470 millionar kroner, og for kvart av dei tre åra 2011, 2012 og 2013 skal det brukast 500 millionar kroner kvart år.

Dette er gjort:
• Nye kablar
• Ny og forbetra jording av straum
• Utbetring og fornying av kontaktleidning
• Utskifting av skinner og sporvekslarar
• Snøberedskapen er auka

Arbeid framover:
• Betre informasjonssystem  til publikum (80 millionar kroner i 2010)
• Ny teknologi (akselteljarar – 90 millionar kroner i 2010)