Arbeidsdepartementet

Uendra arbeidsløyse

Nyhet   •   sep 06, 2010 09:22 CEST

– Arbeidsløysa har vore om lag uendra den siste månaden. Basert på moderat vekst i økonomien og uendra etterspurnad etter arbeidskraft , er dette positivt, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til det nye månadstalet frå NAV om arbeidsmarknaden.

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at den sesongkorrigerte arbeidsløysa har gått ned med snautt 300 personar frå juli til august. Ved utgangen av august var det
76 101 heilt arbeids¬lause. Dette utgjer 2,9 % av arbeidsstyrken.

– Utviklinga i utlandet er framleis uviss, og regjeringa følgjer derfor situasjonen nøye, seier statsråden.

Pressemelding og tall hos NAV