Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 36

Nyhet   •   sep 03, 2010 17:29 CEST

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Måndag 6. – tysdag 7.september
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på uformelt energiministar møte i Brussel. Tema for møte er mellom anna infrastruktur for kraftforsyning og korleis en skal sikra rimelig og hensiktsmessig kraft til forbrukarane. 

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Håvard Hegna, tlf. 90 94 34 44.


Tysdag 7.september
Klokka 13.30 inviterer olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til Møteplass om Deepwater Horizon-ulykken. Møte finn stad i Olje- og energidepartementet. På møtet deltek arbeidsminister Hanne Bjurstrøm, samt representantar frå oljeselskap, leverandørindustri og sentrale organisasjonar.

Det vil vere anledning for pressen å ta bilete før og etter møtet. Olje- og energiministeren vil være tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.

Pressekontakt for møtet er kommunikasjonsrådgjevar Håvard Hegna, tlf. 90 94 34 44.


Onsdag 8. september
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen drar til Troms i samband med ”Regjeringa ut i landet”. Klokka 12.30 held han innlegg på Energidagan i Bardufoss. Han kjem til Finnfjord klokka 13.30. Her blir det omvising, som er ope for pressa.

Klokka 15.00 besøker statsråden Fakken der han mellom anna skal legge ned grunnstein for vindkraftparken. Riis-Johansen avsluttar med partimøte i Tromsø.

Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Unni Claussen, tlf. 91 51 73 57.


Torsdag 9.september
Riis-Johansen er vert for ein lunsj med Grønland sin Landsstyreformann Kuupik Kleist. Ulike energipolitiske spørsmål vil vere tema under lunsjen.


Fredag 10. september
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen er til stades på Dyrskun i Seljord, Telemark, i samband med partiarrangement i regi av Telemark Senterparti.