Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 47

Nyhet   •   nov 22, 2010 09:43 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.


Måndag 22.november
Kl 15.00 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen leiar av FNs klimapanel Dr. Pauchauri. Han er ein av dei mest kunnskapsrike personane på teknologi- og klimaspørsmål internasjonalt, og fekk i 2007 Fredsprisen. Tema for møtet vil være den komande IPCC-rapporten, fornybar energi og karbonfangst og -lagring.

Statsråden er tilgjengeleg for pressa i etterkant av møtet.


Tysdag 23.november
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen held innlegg og opnar tidevannskraftverket MORILD II. Kraftverket er eigd av Hydra Tidal. Enova har støtta dette demonstrasjonsprosjektet, som er verdas største flytande tidevannskraftverk.

Opninga finn stad i Gimsøystraumen utanfor Svolvær frå klokka 12.30.

Arrangementet er ope for pressa. Pressekontakt for statsråden er kommunikasjonsrådgjevar Jon Evang, tlf. 93 40 13 82. 


Torsdag 25. november
Frå klokka 10.00 – 13.00 møter olje- og energiminister Terje Riis-Johansen byrådsleiar i Bergen kommune Monica Mæland for å diskutere kraftsituasjonen i bergensområdet. Byrådet, forretningsutvalet i Bergen kommune, samt kommunane Fjell, Os og Sund vert og invitert.

Møtet finn stad på Bergen Kongressenter, Håkonsgaten 2, i Bergen. I tillegg til Olje- og energidepartementet vil Statnett, BKK og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) delta.

Statsråden er tilgjengeleg for pressa i etterkant av møtet.