Olje- og energidepartementet

Utdrag frå olje- og energiminister Terje Riis-Johansen sin kalender for veke 48

Nyhet   •   nov 29, 2010 09:21 CET

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: Regjeringskonferanse på statsministerens kontor måndag og torsdag kl 12.15, og  Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00. Det kan bli endringar i programmet.

Tysdag 30.november
Klokka 11.30 mottek olje- og energiminister Terje Riis-Johansen rapport frå utvalet som har sett på driftskoordineringa i nettet. Utvalet blei satt ned etter kraftsituasjonen som oppstod sist vinter, kor det i periodar vart svært høge prisar, for å sjå på driftskoordineringa i kraftsystemet.

Pressa er velkommen til å dekke overleveringa av rapporten.


Fredag 3. desember
Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen deltek på Nordisk-Baltisk formøte til EUs energiministermøte. Deretter deltek han på EUs energiministermøte.

Møta  finn stad i Brüssel.

For meir informasjon, kontakt OEDs pressevakttelefon 415 73 500.