Utenriksdepartementet

Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 51, 2009

Nyhet   •   des 11, 2009 16:38 CET

Priv. til red.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert jamleg kunngjort på kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre

Måndag 14. desember
Utanriksminister Støre og tidlegare visepresident Al Gore presenterer ein global rapport om issmelting på eit arrangement i samband med FN sitt klimatoppmøte i København (COP 15). Meir informasjon på www.mfa.no/callforaction. Stad: Bella-senteret i København.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, mobil: 995 220 26.

Onsdag 16. desember
Kl. 14.00: Utanriksminister Støre har møte med Olav Fykse Tveit, generalsekretær i Kirkenes Verdsråd. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Laurdag 19. desember
Utanriksminister Støre er i Helsingfors. Her deltek han på ein julemiddag saman med sine nordiske kollegaer.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Måndag 14. – fredag 18. desember
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltek på høgnivådelen av dei internasjonale klimaforhandlingane i København.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg (MD), mobil 905 69 495.

Statssekretær Elisabeth Walaas

Søndag 13. – måndag 14. desember
Statssekretær Walaas gjestar Sør-Mitrovica i Kosovo. Her skal ho ha politiske samtaler samt delta på opninga av eit norsk-finansiert sjukehus saman med helseministeren i Kosovo, Alush Gashi.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Toril Langlete, mobil: 952 06 492.

Tysdag 15. – torsdag 17. desember
Statssekretær Walaas er i Chisinau (Moldova) for politiske samtalar.

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Toril Langlete, mobil: 952 06 492.

Statssekretær Gry Larsen

Måndag 14. desember
Kl. 13.00: Statssekretær Larsen har møte med LO om anstendig arbeid. Stad: Utanriksdepartementet.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær for utviklingssaker Ingrid Fiskaa

Måndag 14. desember
Statssekretær Ingrid Fiskaa møter Anne Stenhammer frå FNs utviklingsfond for kvinner (Unifem).

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Torsdag 17. desember
Statssekretæren deltek på filmframsyning og møte med deltakarane frå Norad-prosjektet Reisa tilbake. Stad: Vika kino.

Pressekontakt: Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459.