Hordaland fylkeskommune

Utvalsleiarar 2011-15 i Hordaland fylkeskommune

Nyhet   •   nov 01, 2011 16:52 CET

Utvalsleiarar 2011-15 i Hordaland fylkeskommuneHordaland fylkesting valde 1. november leiarar til utvala for perioden 2011-15. Leiar for samferdselsutvalet, Gustav Bahus (Frp) og leiar for opplærings- og helseutvalet, Roald Stenseide (Frp), vart begge attvalde for ein ny fireårsperiode.

Anne-Beth Njærheim (V) er valt til ny leiar i kultur- og ressursutvalet og Torill Vebenstad (Ap) vert ny leiar i kontrollutvalet.

Både Bahus og Steinseide går no i inn i tredje perioden sin på rad som utvalsleiarar.

Fylkestinget vedtok å utvida talet på medlemer i samferdselsutvalet frå 13 til 15 for valperioden 2011-15.

Kultur- og ressursutvalet

Anne-Beth Njærheim, Venstre,  er valt til leiar i kultur- og rressursutvalet i Hordaland for perioden 2011-15. Anita Garlid Johannessen, Fremskrittspartiet, er valt til nestleiar.

Medlemer:

1. Christopher Beckham (A)
2. Marianne Bjorøy (A)
3. Siri Klokkerstuen (A)
4. Natalie Golis (R)
5. Anita Garlid Johannessen (Frp)
6. Sigbjørn Framnes (Frp)
7. Svein K. Halleraker (H)
8. Kyrre Gregersen (H)
9. Nils Marton Aadland (H)
10. Neshe Lie (H)
11. Vegard Ask (KrF)
12. Tom Sverre Tomren (MDG)
13. Anne-Beth Njærheim (V)

Leiar: Anne-Beth Njærheim
Nestleiar: Anita Garlid Johannessen

Opplærings- og helseutvalet

Roald Steinseide, Fremskrittspartiet,  er attvalt til leiar i opplærings- og helseutvalet  i Hordaland for perioden 2011-15. Stenseide har vore leiar for dette tuvalet også i  periodane 2003-07 og 2007-11. Dan Femoen, Høgre, er attvalt til nestleiar.

Medlemer:
1. Marte Malones (A)
2. Rasmus Rasmussen (A)
3. Toralv Mikkelsen (A)
4. Jane Kirsti Stangeland (A)
5. Roald Stenseide (Frp)
6. Rosalind Fosse (Frp)
7. Dan Femoen (H)
8. Hans Kjellby (H)
9. Gunn Mari Moberg (H)
10. Ingrid Reitan (H)
11. Aslaug Hellesøy (KrF)
12. Alexander Fosse Andersen (Sp)
13. Bjørnar Hamre (V)

Leiar: Roald Stenseide
Nestleiar: Dan Femoen

Samferdselsutvalet

Gustav Bahus, Fremskrittspartiet,  er attvalt som leiar i samferdselsutvalet i Hordaland for perioden 2011-15. Han har ogdså leia dette utvalet  i periodane 2003-07 og 2007-11. Alf Helge Greaker, Venstre, er valt til nestleiar.

Talet på medlemer i samferdselsutvalet vert i perioden 2011-15 utvida med to til femten.

Medlemer:
1. Atle Kvåle (A)
2. Anne-Line Innvær (A)
3. Jørn Eggum (A)
4. Jette L. Hansen (Ap)
5. Gustav Bahus (Frp)
6. Silje Hjemdal (Frp)
7. Torill Eidsheim (H)
8. Einar Lutro (H)
9. Eli Årdal Berland (H)
10. Stein Inge Ryssdal (H)
11. Iril Schau Johansen (H)
12. Pål Kårbø (KrF)
13. Jostein Ljones (Sp)
14. Tom Skauge (SV)
15. Alf Helge Greaker (V)

Leiar: Gustav Bahus
Nestleiar: Alf Helge Greaker

Kontrollutval

Torill Vebenstad, Arbeidarpartiet, er valt til leiar i kontrollutvalet i Hordaland for perioden 2011-15. Morten Storebø, Høgre, er valt til nestleiar.

Medlemer:
1. Torill Vebenstad (A)
2. Ivar Magne Fauskanger (Frp)
3. Morten Storebø (H)
4. Silja Ekeland Bjørkly (H)
5. Kristian Helland (KrF)

Leiar: Torill Vebenstad
Nestleiar: Morten Storebø

Administrasjonsutvalet

Fylkesutvalet og fire representantar for fagforeiningane utgjer administrasjonsutvalet. Fylkesvaraordførar Mona H. Hellesnes (V) er leiar i administrasjonsutvalet. Fylkestinget valde Astrid F. Selsvold, Arbeidarpartiet, til nestleiar i utvalet.