Landbruks- og matdepartementet

Verdifull kundekontakt på Bondens marknad

Nyhet   •   nov 21, 2011 11:56 CET

Kvifor selje på Bondens marknad? Viktigaste motiv for tilbydarane er direkte tilbakemeldingar frå forbrukarar og trivselen ved å selje direkte til desse, syner ein ny studie frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF).

Direkte økonomiske omsyn var og av betyding, men dei var sjeldan viktigast og svært sjeldan einerådande.

Mange enkeltmotiv kunne forenklast til fire samansette hovudmotiv: økonomi, familieverksemd, marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter. For desse hovudmotiva, med unnatak av økonomi, fann forfattarane fleire sikre kjenneteikn ved tilbydarane, t.d.:

  • Kvinner la større vekt på alle dei tre hovudmotiva familieverksemd, marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter enn menn. 
  • Dei som brukte andre marknadskanalar i tillegg var i større grad motiverte av marknadssamhandling og utnytting av moglegheiter. 
  • Verksemder i ein tidleg utviklingsfase var i størst grad motiverte av familieverksemdaspektet og utnytting av moglegheiter. 
  • Verksemder som selde foredla planteprodukt var i større grad enn andre opptatt av å utnytte moglegheiter. 
  • Motiv til tilbydarar av økologiske varar skilde seg ikkje frå andre.

Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF) er eit frittståande og uavhengig statleg forskningsinstitutt med tilknytning til Landbruks- og matdepartementet.

Bondens marked (Foto: Landbruks- og matdepartementet)