Fiskeri- og kystdepartementet

Vidar Ulriksen til Brasil

Nyhet   •   nov 17, 2010 09:06 CET

Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet deltek 18. – 20. november på fiskeri- og havbruksmessa Aquapescabrasil. Ulriksen skal halde innlegg om norsk fiskeri- og havbruksforvaltning, og i tillegg ha politiske samtaler med den brasilianske fiskeriministeren.

Brasil importerer årleg norsk sjømat for over ein milliard kroner. Det er særleg norsk klippfisk som er populært. Brasil har også eit stort potensial for fiskeoppdrett, og ønskjer samarbeid med Noreg om å utvikle denne sektoren.

-Brasil er ein viktig marknad for norsk sjømat, og kan i tillegg bli ein interessant marknad for norske leverandørar av teknologi og kunnskap til oppdrettsnæringa. Brasil er også ein sentral samarbeidspartnar når det gjeld internasjonal fiskeriforvaltning. Det er derfor viktig at det er jamleg kontakt mellom norske og brasilianske styresmakter, seier Vidar Ulriksen.