Landbruks- og matdepartementet

WTO: Lars Peder Brekk møtte japansk kollega

Nyhet   •   des 01, 2009 14:08 CET

WTO: Japan og Noreg stadfesta sitt tette samarbeid i WTOs landbruksforhandlingar då dei møttes i går. Begge landa deltek på WTOs minsterkonferanse i Geneve.

- Vi deler dei same defensive interessene på landbruksområdet, sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk(Sp). Han framheva det gode samarbeidet i G10-gruppa av land, som særleg jobbar for å oppretthalde tollvernvernet for landbruksprodukt. Japans nye landbruksminister Akamatsu la også vekt på det gode samarbeidet, og inviterte Brekk til Japan. I dag har Brekk møte med Sveits, Quebec, EU og Frankrike. Han har også møte med  norske representantar for det sivile samfunn og frivillige organisasjonar frå land i Sør.

WTO: Japan og Noreg stadfesta sitt tette samarbeid i WTOs landbruksforhandlingar då dei møttes i går.