Skip to main content

På skuldrene til tradisjonen

Nyhet   •   apr 10, 2018 14:50 CEST

Helga Myhr: – Eg opplever at folk ser på folkemusikken som likeverdig og er verkeleg interesserte og viser musikken respekt. Så er det òg viktig for folkemusikarar å ha sjølvrespekt. Ein må stå for noko og vera stolt av sin eigen musikk.

Folkemusikken har i dei siste tiåra fått ein kraftig oppsving, ikkje minst takka vera oppretting av fleire tilbod innafor utdanningsinstitusjonane. Dette er éin grunn til at folkemusikken har opna seg mot andre sjangrar. Samtidig er eit livskraftig folkemusikkmiljø, kappleikar og festivalar like viktige. Dagens unge folkemusikarar veit å gjera seg nytte av båe delar på ulikt vis.

Folkemusikk i ope landskap

Folkemusikar, komponist og tidligere student på Musikkhøgskolen Gjermund Larsen er ein etablert kunstnar som har oppnådd mykje. Nyleg skreiv han eit nytt bestillingsverk til Det Norske Solistkor som ble urframført på Nordland Musikkfestuke i Bodø i august. Folketonen og fela er i sentrum saman med det sørsamiske, framført av joikaren Marja Mortensson. Så skriv han òg for trioen sin innimellom.

– Eg trur det er 50-50; halve verksemda mi er komponering, resten utøving, seier han.

Trioen hans med Anders Utnem og Sondre Meisfjord driv på 11. året, og dei spelar meir enn nokon gong. Folkemusikken er utgangspunkt for alt Gjermund gjer.

– Ulike sjangrar vil gjerne ha med ein folkemusikar. Eg blir ofte folkemusikaren i bandet.

Elles meiner Gjermund at han har vore heldig som har fått samarbeidd med folk frå så mange ulike sjangrar, til dømes Christian Wallumrød Sekstett.

– Eg får impulsar og blir ingen dårlegare folkemusikar av den grunn, nei.

Har statusen for folkemusikken endra seg i seinare tid?

– Det er påfallande kor bra innpass folkemusikken har i forskjellige miljø og hjå folk flest. For 10 år sidan spelte eg mest på folkemusikkarenaer, no er det eit meir ope landskap. Eg trur at det skuldast at me som musikarar utviklar oss, lagar ny musikk og gjer oss aktuelle. Me blir oppdaga av eit større publikum.

Kva må til for å få oppdrag?

– I utgangspunktet gjer eg det eg har lyst til. Det eg gjer i tillegg er litt event-oppdrag. Då tilpassar eg musikken litt. Når eg får spørsmål om bestillingsverk, må eg ta stilling til om det er noko som passar inn i min eigen profil og om eg har lyst til å gjera det for musikken sin del eller for pengane sin del. Eg gjer mest av ting som eg har lyst til å gjera og er nok privilegert på den måten.

Folkemusikarar av din klasse er etter kvart i same bås som andre musikarar som lever av musikken?

– Me folkemusikarar lever nokså likt andre musikarar.

Kva med kjensla av likeverd for folkemusikken?

– Me er avhengige av at ein slåss for musikken vår, sjølv om me eigentleg har det veldig fint i dag.

Lys framtid

Gjermund meiner likevel at ein må stadig skape gode prosjekt. Det same gjeld for festivalar og konsertarrangørar. Det er viktig at dei òg er dyktige.

Ensemblespel og det å lage ny musikk er ein måte å få inn pengar på?

– Ja, og samtidig ligg det i oss dette med skapartrongen. Me står på skuldrene til tradisjonen, men vil setje vårt eige preg på musikken.

Dyktige musikarar har vel gjort dette til alle tider?

– Det har bestandig vore utvikling, og nokon har drege strikken veldig langt, og det trur eg du er avhengig av. Det vil alltid vera nokon som bremsar kraftig og nokon som gassar på.

Einskilde røster har vore redde for at Norges musikkhøgskole fører til standardisering, at særpreg kan bli borte?

– Eg trur det er litt myte. Det er veldig avhengig av kva slags folk som går der. Generelt er poenget at ein skal fordjupe seg i tradisjonen, men så spelar ein sjølvsagt med kvarandre og får impulsar, då er ein i utvikling den tida der. Studiet for meg handla om å få gode arbeidsvanar; lære meg å øve og å jobbe med musikken. For min del var det veldig viktig med dei seks åra på NMH. Samtidig var eg mykje ut og spelte – ein fin kombinasjon for meg, det å få så lang tid til å fordøye alle inntrykk.

Framtida for folkemusikken generelt?

– Pila har peika opp og fram jamt og trutt, det trur eg vil fortsetje. Men me er avhengige av at nye talent blir tatt godt vare på, og at dei som jobbar for folkemusikken i styre og stell, snakkar vår sak. Å skaffe pengar til festivalar og andre arrangørar er ein evig kamp.

Gjermund ser positivt på framtida, og han spør: «Skal alt vera som det var før?»

– Etter at utdanningane kom har me blitt endå flinkare til å ta med oss tradisjonen, og ta han i bruk. Det er då han blir interessant. Viss ikkje, hadde me ikkje gidda å bruke han, og då hadde han i alle fall forsvunne. Musikk er eit overskotsføretak du driv med fyrst og fremst fordi det er artig, du må ha glimtet i auga. Viss ikkje, er det trasig å vera musikar.

To vegar i folkemusikken

På folkemusikkhimmelen for tida er to av stjernene systrene Margit og Helga Myhr, den fyrste meir etablert enn den andre, men båe med stø kurs mot elitesjiktet i norsk folkemusikk. Dei har mykje til felles, dei har vakse opp i ein folkemusikkfamilie og har slik fått ei solid grunnutdanning i tradisjonell folkemusikk og folkedans. Margit har valt seg ei formell utdanning slik at ho kombinerer folkemusikken med ein karriere som skodespelar. Medan veslesyster Helga nyleg er ferdig med dei to fyrste åra på folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskule. Ho er solist på hardingfele, men likar òg å spele med andre musikarar og samarbeider gjerne på tvers av sjangrane. I gruppa Kvedarkvintetten, som har halde på i mange år, står dei side om side og einast i songen. Dei to siste åra har Kvedarkvintetten arbeidd meir profesjonelt og seriøst, blant anna med debutplata som kom i 2016.

Eit multitalent

Margit Myhr er kanskje det næraste ein kjem eit folkemusikalsk multitalent. Margit sin veg til ein profesjonell karriere som folkemusikar, folkedansar og skodespelar har vore ei god miks, som blant anna har ført henne til topps i vokal folkemusikk på Landskappleiken i 2016, der ho òg fekk Kongepokalen. Margit har fått med seg ein heil del av det ein kan kalle «livets skule» i folkemusikken.

– Eigentleg mest dét, ja. Me har vore på så utruleg mange tilstellingar, kappleikar og konsertar og slikt. Det er ein opplagt fordel å ha høyrt mykje når ein skal læ

re seg å meistre enten song eller spel. Eg trur det er viktig å lytte.Teaterfaget har Margit hatt interesse for lenge, heilt sidan ho var med Leveld teaterlag i ungdomen. I fleire sesongar har ho vore sterkt knytt til Västanå teater.

– At eg i tillegg til songen og skodespelet òg spelar og dansar, fører til at eg får ein veldig variert arbeidskvardag.

Ho gjekk fyrst tre år på Ole Bull Akademiet, så tok ho ei pause i to år før siste året, dette av di ho hadde så mykje oppdrag. Slik oppnådde ho i ung alder å kunne leva av musikken.

– Eg hadde ikkje tenkt så nøye på kva eg skulle bli, men no har eg lært meg til å seie at eg jobbar med folkemusikk.

Å gå vidare på eit høgare studium er på noverande tidspunkt uaktuelt.

– Det å ha fått lov til å vera arbeidsaktiv frå tidleg av har vore ein fin og effektiv måte å lære nytt. Eg elskar når eit prosjekt eller ein kollega er med på å utvikle meg som utøvar. Å stadig bli utfordra i nye oppgåver får meg til å tenkje nytt og inspirerer meg til å vekse vidare.

Ein ikkje for alvorleg leik

Margit er glad i å stille på kappleik, ho likar den forma veldig godt.

– Det er ein leik som ikkje bør vera for alvorleg, seier ho og meiner det er viktig for rekrutteringa at det finst konkurranse. Sjølv kan ho få ho eit kick av å delta på kappleik.

Kva forhold har du til tradisjon og nyskaping?

– Det viktigaste er at folk driv med det dei brenn for – «dette har eg lyst til å gjera no,
om fem år bli det kanskje noko heilt anna!» Den reine solomusikken kjem til å overleve, det er avansert musikk som alltid kjem til å vera interessant. Berre positivt at folk eksperimenterer i ulike retningar, seier ho.

For eigen del har Margit ikkje kjent dét behovet så sterkt enno, ho held seg framleis mest til den tradisjonelle stilen.

– Men me arrangerer då for fem stemmer i Kvedarkvintetten òg, det er heller ikkje heilt tradisjonelt, sjølv om syngestilen er tradisjonell.

Er interessa for folkemusikk like stor framleis, eller opplever du noko endring? Er det framleis kult å drive med folkemusikk?

– Absolutt, dette må vera den beste tida som har vore – så mange unge som veks til og driv med folkemusikk. Og i fleire bygder blomstrar det fordi rett person på rett plass inspirerer og rekrutterer. Då mor mi var på kappleik i ungdomen, hadde ho ikkje så mange på sin alder å henge med som det eg har hatt. Det er mange unge på kappleikane no, og så er det fine med folkemusikkmiljøet at det eigentleg ikkje er aldersgrenser, du kan ha ei givande samtale med ein 15-åring eller ein 60-åring. Eg trur at dette må vera gullalderen til folkemusikken, det er mange som driv på.

Du er optimist på vegne av folkemusikken, både når det gjeld dans, spel og kveding. Dette med media; å få CD-omtale i Aftenposten som sambuaren din Erlend Apneseth, han fekk attpå til ein 6-ar, det var ikkje sjølvsagt for 10 år sidan?

– Det er veldig bra! Folkemusikken fortener å bli innlemma i det gode selskapet. Det er lett at folkemusikken, som andre smale sjangrar, blir skuva bort i større samanhengar, sier ho. Men Margit trur det berre er ei slik sakte utvikling, at folkemusikken kjem til å ende opp på rett plass til slutt. Det at til dømes Tinndølan var med i Norske Talenter, det meiner ho er veldig bra.

– At folkemusikken og -dansen blir meir synleg, kjem til å skje. Og sjølv om det gjeng litt seinare enn ein skulle ynskje, har det likevel skjedd mykje dei siste åra, seier ho som er midt i straumen sjølv. Ho har opplevd suksess på fleire arenaer, ikkje minst i soloframsyninga Stilt trør kvinner i sørgedans, som fekk svært mykje positiv merksemd i 2016.

Stakar ut ei framtidig karriere

Helga Myhr hadde i juli eksamenskonsert på Riksscenen, eit nytt tiltak av året ved NMH. For Helga som solist på hardingfele var dette ei god oppleving, og så fekk ho med seg Kvedarkvintetten med storesystrene Sina og Margit, og dei to andre; Silje og Tonje Risdal Liahagen.

Helga er den yngste av dei tre systrene, og ho minnest godt kvar hennar motivasjon kom frå: Det var då dei eldre syskena fekk lære seg langeleikspel, song og etterkvart òg hardingfele av mora Gunnlaug Lien Myhr. Dans blei det òg mykje av, ikkje rart kanskje når faren heiter Martin Myhr og er av dei fremste i landet innafor lausdans.

Medan storsyster Margit satsa mest på song og skodespel og mellomste syster Sina tok seg utdanning som vernepleiar, blei hardingfela Helga sitt viktigaste instrument, sjølv om ho både syng, spelar langeleik og dansar, ho som dei andre.

– Storesystrene var heltane mine, og eg kunne ein del låttar alt før eg begynte å spela. Så var det mykje dans og eg lærte meg etter kvart òg å spela til dans, noko eg likar svært godt.

Skape i lag med andre

Kappleikane har vore viktig også for Helga, pluss Strunkeveko og Jørn Hilme-stemnet. Ho øvde målbevisst og hardt då ho skulle delta på fyrste landskappleiken i ein alder av 14 år. Og resultatet blei bra for debutanten, ho hamna i den øvre tredjedelen av lista i yngste klasse. Helga har eit positivt forhold til Landskappleiken og rykka sjølv opp i klasse A i 2015. Men etter å ha spela ein del konsertar, synest ho at kappleikscena kan bli litt stivt og unaturleg, til dømes samanlikna med å sitje på kvelden og drive med jamming i lag med andre.

Helga har to år bak seg på Folkemusikklina på Vinstra. Derifrå gjekk vegen til NMH.

– Musikken har fylgd meg heilt frå eg var liten, det er det eg kjenner til, men eg har aldri visst kva eg vil bli, berre kva eg hadde lyst til, seier ho. No er ho likevel halveges på bachelorstudiet.

– Eg har blitt veldig inspirert av å gå på NMH og har no meir ein tanke om å bli ein profesjonell musikar. Det er kjempeartig med så mange ulike musikarar: jazz, klassisk, samtidsmusikk, komponistar og dirigentar.

Kva er så viktigaste grunnen til at du går på NMH?

– Det er å bruke folkemusikken som min eigen bakgrunn til å skape noko i lag med andre, det å få ulike synsvinklar på det ein driv på med sjølv, det å utnytte folkemusikken for det han er verdt med alle detaljar, både vokalt og i spelet.

Så føler Helga seg òg privilegert som kan velje lærarar frå øvste hylle, både dei to felelærarane ho har hatt som er fast tilsette, Håkon Høgemo og Andreas Bjørkås, men òg at ho frå og med tredje året kan velje heilt fritt.

– Denne hausten skal eg ha Tanja Orning, samtidscellist, er det overraskande svaret. Og eg spør sjølvsagt kvifor?

– Ho har verkeleg utforska instrumentet sitt, klangen og lyden, ho kan få ut alle slags lydar. Og eg har blitt meir og meir interessert i samtidsmusikk. Men eg skal sjølvsagt fortsetje med den tradisjonelle folkemusikken, eg kjem framleis til å ha Håkon Høgemo som lærar, og så vil eg gjerne spele meir med Egil Syversbråten som eg har lært av tidlegare. Det òg er viktig for meg.
Alle veit at i den fasen av livet Helga er no har ein ofte nokon ein ser opp til:

– Mamma er mitt største idol no. Alt ho kan! Men ho nemner òg felespelar og komponist Anne Hytta.

– Anne Hytta oppdaga eg via soloplata hennar ”Dag, kveld, natt” medan eg gjekk på Vinstra. Ho har vore viktig for meg sidan då. Eg har òg vore så heldig å få ha nokre speletimar med henne her i Oslo.

I gruppa Morgonrode spelar Helga saman med to medstudentar, Selma French Bolstad og Rasmus Kjorstad.

– I denne gruppa brukar me både tradisjonelle og sjølvlaga songar og slåttar – arrangementa våre er bygd på ulike idear vi har improvisert fram.

Korleis er det å vera folkemusikkstudent i eit miljø saman med sjangrar som klassisk og jazz?

– Eg opplever at folk ser på folkemusikken som likeverdig og er verkeleg interesserte og viser musikken respekt. Så er det òg viktig for folkemusikarar å ha sjølvrespekt. Ein må stå for noko og vera stolt av sin eigen musikk.

Helga stilte på Landskappleiken i år òg, ho meiner det er viktig at kvinnene profilerer seg i A-klassa, som er ei klasse mest dominert av menn.

Ein moderne folkemusikar midt i tida er ho, denne talentfulle felespelaren frå Hallingdal, og ho fortel at ho nyleg blei invitert til å vera med i det nystarta samtidsensemble +47. Dei hadde lyst til å ha med hardingfele i ensemblet sitt.

– Kjempeartig for meg! seier Helga entusiastisk. Slik er det ikkje berre folkemusikarane som kan ha noko å hente med tanke på ei framtidig karriere som musikar – men kanskje i like stor grad dei andre musikkstudentane ved NMH. 

Dette er så sterkt, så dette held

Steinar Ofsdal er ein kjent person i norsk musikkliv og endå meir innafor norsk folkemusikkmiljø, mest som musikar, men dei seinare åra òg som tilsett ved Ole Bull Akademiet og sidan 2010 som professor ved Norges musikkhøgskole. Han hadde eit langt og mangslunge liv bak seg som allsidig musikar då han begynte å undervise i samspel ved Ole Bull Akademiet på Voss i 2002. Sidan har han utvida denne verksemda og er no tilsett i full stilling innafor akademia.

Litt av bakgrunnen hans har òg vore at han blei engasjert til å vera med å utarbeide ny læreplan for grunnskulen i 1997 (L97). Han seier at han var med å dytte folkemusikkfaget inn i denne læreplanen. I kjølvatnet av dette fekk han òg laga ei bok om folkemusikk for grunnskulen, ei lærarrettleiing med tittel Norsk folkemusikk og folkedans (2001).

Om overgangen frå Ole Bull Akademiet til NMH seier han at når det gjeld bachelorutdanninga, er det i prinsippet ikkje så stor forskjell på desse to utdanningane. Ved NMH overtok Steinar stafettpinnen etter Per Sæmund Bjørkum.

– Han blei ein viktig mentor for meg, fortel Steinar.

Folkemusikkens plass ved NMH har vore i stadig utvikling sidan oppstarten i 1995, då Sven Nyhus blei utnemnd til Noregs fyrste professor i folkemusikk ved NMH. Ofsdal har sidan 2010 vore med på å utvikle dette studiet vidare. Noko av det fyrste han var med på å forandre, var satslære for folkemusikarar.

– Dette sto på studieplanen endå i 2011, men i ei revidering av studieplanen fekk me gjort dette om og rett og slett kalla det for folkemusikkarrangering. Med det innførte me berre éin regel: at der ikkje finst nokon reglar! For kven kan opphøgje seg til å bestemme at folkemusikk skal arrangerast slik eller slik?

I samarbeid med andre

Han er audmjuk i høve til at han har fått lov til å vera så nær alle dei kulla med unge norske folkemusikarar i den utruleg spesielle og viktige perioden me har hatt dei siste tiåra, som han formulerer det.

Kva anna er det du har gått i bresjen for i din periode ved NMH?

– Tonalitet og intonasjon i folkemusikken har eg vore svært opptatt av, ikkje minst fordi dette har vore eit tema det har vore vanskeleg å snakke om ute i miljøet.

Dette betyr vel at forholdet mellom den gamle spelemannsskulen og dei seinare åra med akademia står for ei interessant brytning, og at utfordringa ligg i å balansere dette?

– Dette har eg kjent på heilt sidan 1970-talet då eg sjølv blant anna lærte å spela hardingfele av fleire telemarkingar. Forskarane då forsto tradisjonen ofte betre enn utøvarane sjølve. På NMH er dette eit viktig tema me drøftar. Folkemusikkstudiet ved NMH må vera på folkemusikkens premiss. Det viktigaste for studentane våre no er at dei konsentrerer seg om gamle tradisjonar i spel eller song, men like viktig er alt det andre dei får med seg her. Eg meiner at ein musikar må kunne halde på med forskjellige ting, og generasjonen som veks opp no er i stand til å forstå nettopp dét, til dømes at dei kan gå inn i samtidsmusikkverda, samtidig som dei spelar hallingspringar betre enn mange andre.

I høve til marknaden der ute, stundom høyrer ein at der blir utdanna for mange folkemusikarar no til dags?

– Det ser ut til at alle finn seg ein eller annan måte å lande det på, men ikkje alle blir profesjonelle musikarar, somme kjem og inn i styr og stell, FolkOrg til dømes.

Ein fordel ved å ta eit studium ved NMH er vel at ein blir betre i stand til å samarbeide på tvers av sjangrane, det peikar inn i framtida?

– Ja, me ynskjer at dei skal lære kva det vil seie å vera musikar. Mange eksamensoppgåver går ut på nettopp det å kunne samarbeide med andre. Det er ein motivasjon som er framtidsretta.

Andre tiltak i denne retninga?

– Folkemusikkstudentane har fått ansvaret for å lage sin eigen festival, Ljøsblått. Nytt av året er at eksamenskonsertane er lagt til Riksscenen, der er studentane sjølve involvert med anna i å skaffe publikum.

Steinar Ofsdal fortel elles at han òg underviser i folkemusikk både for klassisk- og jazz-studentar og at interessa her er stor.

– Studentar som er nysgjerrige går i alle retningar, dei finn kvarandre i alle høve.

Og når det gjeld den tradisjonelle folkemusikken inn i framtida, støttar han seg på svaret han får frå studentane: «Dette er så sterkt, så dette held.» 

Tekst: Kjetil Bitustøyl

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar