Skip to main content

Unge musikk-talent spelar med Sjøforsvarets Musikkorps

Pressemelding   •   aug 13, 2018 07:30 CEST

30 unge talentfulle musikarar spelar ei veke saman med Sjøforsvarets Musikkorps i Norsk Blåsesymfoni som vart etablert i fjor. Dei ambisiøse korpsmusikantane kjem frå heile landet og får spele med profesjonelle musikarar.

Dette er ein unik møteplass i norsk musikkliv. Målgruppa er musikantar over 18 år som anten er musikkstudent eller som har kome opp på eit høgare instrumentalt nivå.

Ingar Bergby er dirigent for korpset og til dagleg kunstnarisk leiar i Sjøforsvarets Musikkorps.

Norsk Blåsesymfoni startar måndag 13. august i Fana Kulturhus i Bergen og blir avslutta med open konsert fredag 17. august kl. 1800 i Grieghallen, Peer Gynt-sal.

Norsk Blåsesymfoni blir gjennomført med støtte av Dextra Musica, Sparebankstiftelsen.

Sjekk om musikarane er frå ditt område: (PDF-vedlegg)

Norges Musikkorps Forbund skal gjøre musikkorps til en attraktiv fritidsinteresse for alle barn, unge og voksne.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy