Gå videre til innhold

Puccinifest med operafavorittar og Messa di Gloria

Dato 24. mars 2017 19:00 – 26. mars 2017 20:00

Sted Trivselshagen Sandane, 24. mars kl. 19.00 Operahuset Nordfjord, 25. mars kl. 18.00 Førdehuset, 26. mars kl. 17.00

Opera Nordfjord byr på eit eksklusivt Puccini-program med konsertturné 24. - 26. mars. Det vakre og mektige korverket Messa di Gloria vert framført av eit storkor samansett av Musikklinjekoret ved Firda vidaregåande skule og Nordfjord Operakor og andre amatørsongarar som ønskjer å bli med. Dirigent: Michael Pavelich, Solistar: Evan Bowers, tenor, Magne Fremmerlid, bass

Kategorier

Kontakter

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Pressekontakt Operasjef/produsent Operasjef og pressekontakt 95137226

Relatert innhold

Distriktsoperaen for Sogn og Fjordane

Stiftinga Opera Nordfjord (ON) vart skipa i 1998 etter initiativ frå ekteparet Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich og er i 2017 inne i sin 19. sesong med opera- og operetteproduksjonar. I tillegg til dei årvisse haustproduksjonane har Opera Nordfjord hatt fleire konsertturnéar i fylket, frå klassisk operagalla-repertoar til urframføring av norsk opera og samarbeidsprosjekt med Firda VGS, m.a. Requiem av Verdi. Fire somrar arrangerte ON Opera Workshop for operasongarar og -studentar med Elizabeth Norberg-Schulz, og dei siste åra har ON hatt eit tett samarbeid med Eid VGS om oppsetting av skulemusikalar i vårsemesteret. Arbeidet til ON er tufta på det omfattande og viktige dugnadsarbeidet til fleire hundre frivillige innan m.a. kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering. Samarbeidet mellom profesjonelle aktørar og glade amatørar i kor og produksjonsapparat har vore avgjerande for ON sin framvekst og suksess.

Opera Nordfjord
Gamlebanken, Eidsgata 10
6770 Nordfjordeid
Norge