Skip to main content

​Dataspelmusikk på operaturné

Nyhet   •   jan 18, 2018 15:30 CET

Spelmusikken til Halo står på repertoaret når SCORE skal på turné i mars (Artwork used by kind permission of Microsoft)

Ein kan kanskje lure på kva Opera Nordfjord no skal til med, når dei skal ut på turné med dataspelmusikk til Sogndal Kulturhus 2. - 4. mars. Kan dette vere noko for eit publikum som er vand med vakre Puccini-ariar, smektande kjærleiksduettar og mektige operakorscener?

Ja, i aller høgste grad! Spelmusikken er kjenneteikna av eit stort register av verkemiddel i musikken til dei forskjellige spela, avhengig av karakterane og handlinga. Den spenner frå hviskande korparti og vare strykarar til mektige messingparti og fyrverkeri i slagverkgruppa. Stor dramatikk og lidenskap, akkurat som i opera.

Om nokre veker legg Opera Nordfjord ut på vegen med 49 musikarar, 60-70 koristar, sopranen Sabina Zweiacker, konferansier Orvar Säfström og dirigent Michael Pavelich. Dei frir til både det unge publikumet frå høgskulemiljøa i Sogndal, Volda og i Ålesund og til det meir tradisjonelle operapublikumet i alle aldrar – her skal alle føle seg velkomne. Dette er vel ein av dei få symfoniske konsertane, der barnebarn, foreldre og besteforeldre kan kappast om å bli begeistra: dei unge av favorittspelmusikken og dei eldre av ny, klassisk og fantastisk musikk dei ikkje visste noko om.

Dataspel er dei unge sin scenekunst, slik opera er scenekunst for det klassiske publikumet. Det tek Opera Nordfjord på alvor i presentasjonen av SCORE frå Sverige, der den akustiske orkestermusikken står i sentrum. Sogndal Kulturhus, Operahuset Nordfjord og Parken Kulturhus er klare for storinnrykk - velkomen til ei musikkoppleving i særklasse!

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy