Skip to main content

Musikalen Annie med ekstraframsyning

Nyhet   •   nov 09, 2018 14:22 CET

Annie (Sol Alme Brendefur), Duffy (Tuva Nyhammer-Taklo), Pepper (Åsa Liv Røgeberg), July (Elsa Bredesen), Tessie (Ane Fitje Woxen), Kate (Maja Kvalsvik Haugen) og Molly (Solvei Kayser Husbyn) utger hovudrollene blant barneheimsjentene

Opera Nordfjord har nettopp lagt ut billettane til ekstraframsyning på familiemusikalen Annie søndag 25. november kl. 18.00 – dei øvrige tre framsyningane 23., 24. og matiné søndag 25. november er snart utselde! Øvingane er i full sving både i Operahuset Nordfjord og i Valhall, og 54 lokale songarar og dansarar øver knallhardt dei neste vekene saman med regissør Michael Pavelich og koreograf Candice Bredesen.

Distriktsoperaen kan presentere eit knallsterkt lag med unge musikalartistar: Annie vert tolka av Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo frå Eid som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Woxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå heile Nordfjord. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som fyller den lange rollelista. Michael Pavelich, kunstnarisk og musikalsk leiar i Opera Nordfjord gjer comeback på scena, no i rolla som Oliver Warbucks, medan skodespelar Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal spelar den ondsinna Miss Hannigan. Distriksmusikar Ann-Margrit Silfverhielm frå Gloppen tolkar rolla som Grace, den elskverdige sekretæren til Warbucks. Ingrid Tykhelle Kayser og Simon Standal Pavelich spelar det tvilsomme paret Lily og Rooster, som utgir seg for å vere foreldra til Annie, for å vinne den solide dusøren som er utlova. Sunnmøringen Håvard Furnes frå Giske spelar den entusiastiske radioverten Bert Healy.

Annie er omsett til nynorsk av Jostein Avdem Fretland og vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord. Orkesteret på 17 musikarar er samansett av musikarar frå Eid, Gloppen og Førde. 

Heile Annie-gjengen har no tre øvingshelger bak seg, og snart vert det daglege øvingar i operahuset, før orkesteret er på plass frå 18. november. Annie passar for heile familien, frå oldebarn til oldeforeldre, og det er første gong Annie vert sett opp profesjonelt i fylket, med full orkesterbesetning. Opera Nordfjord ønskjer  små og store, unge og gamle velkomne til ei teater- og musikaloppleving heilt utanom det vanlege!

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.