Skip to main content

Velkomen til "Operakveld for skeptikarar"

Nyhet   •   sep 27, 2019 12:21 CEST

Dette er kvelden vi skal knuse alle mytane om opera!

Er du skeptisk til opera? Ta sjansen og bli med på vårt unike tilbod! Vi innbyr deg herved til jomfrutur til Operahuset Nordfjord onsdag 9. oktober for å oppleve din aller første opera, nemleg Hans og Grete.

Har du aldri vore på opera før?
Er du HEILT sikker på at opera ikkje passar for deg?
Meiner du at opera er for «fiffen», eller berre for damer?
Må ein pynte seg for å gå på opera?
Må ein ha greie på klassisk musikk for å like opera?
Er du redd for å kjenne deg utanfor om du går på opera?
Trur du at opera er kjedeleg?

Då er dette kvelden for deg, sjølv om du er mann!

Her er noko av det vi kan tilby deg for ein svært redusert pris:

  • Bobler i glaset og konfekt ved ankomst i kinosalen kl. 17.00
  • Introduksjon ved operasjef Kari Standal Pavelich med svar på spørsmål som t.d.:

  • Fleire av operasolistane frå Hans og Grete vert tilstades og deler villig frå sine erfaringar som operasongar. Her kan du spørje om alt du lurer på!
  • Intro om operaen Hans og Grete kl. 18.00
  • Operaen Hans og Grete kl. 18.30 – varer i ca. 2,5 time inkl. 30 min. pause, der ein kan kjøpe forfriskingar i baren
  • Debriefing med vårt fantastiske "opera-for-skeptikarar-kriseteam" etter framsyning, med ein god kaffikopp - KORLEIS GJEKK DET? Kva var best?😍 Kva var verst? 😖

Hjarteleg velkomen til ein kveld garantert heilt utanom det vanlege! Ta gjerne med deg ein ven som har vore på opera før (ordinær billett). Billettar kan du kjøpe HER

Meir info om Hans og Grete: www.operanordfjord.no

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.