Skip to main content

Havets sølv glitra i Sildagapet i kveld.

Pressemelding   •   okt 04, 2017 23:40 CEST

Eit forelska par på verdspremiera på Sildagapet. Foto: Øystein Torheim

I kveld blomstra både glade amatørar og profesjonelle på, under og bak scena, seier ein oppglødd dirigent Michael Pavelich etter at premieren på Sildagapet i Operahuset Nordfjord onsdag kveld. Nær 460 personar kosa seg i Operasalen i kveld. 

- Som ein liten og lokal opera i Sogn og Fjordane er det og vår oppgåve å tilføre operekunsten nye verk innanfor våre rammer. Det meiner vi at vi har lukkast med gjennom Sildagapet. Det er ein prestasjon å produsere og formidle ei historie som denne, der nesten alle involverte er frå regionen, på dette nivået, seier operasjef Kari Standal Pavelich. 

Premieren var nesten heilt utseld, noko som det er ein del år sidan skjedde sist. Det er klart at ei historie med lokal forankring og der så mange på scena kjem frå nærområda skapar ekstra engasjement. - Vi håpar publikum i kveld er like nøgde med kvelden som vi er og at dei som fortsatt ikkje har bestemt seg om å gå, no vil kjøpe seg billettar og bli med oss tilbake til 50-talet. 

Ein ekstra spennande kveld var dette sjølvsagt for dei to som har skrive operaen. Komponist Helge Sunde og librettist Jostein Avdem Fretland har følgt øvingane den siste veka og har vore spente på tilbakemeldinga frå publikummet hjå Opera Nordfjord. - Kvelden i kveld har vore ei stor oppleving. Det er ikkje mange forunt å sjå sitt eige verk bli presentert på ein så flott måte som her i kveld. Ekstra stas er det jo sjølvsagt at musikken og historia fell i smak hjå publikum, seier Jostein og Helge. 

Operaen har tilsaman åtte framsyningar med Sildagapet dei neste vekene, 6., 7., 8., 11., 13., 14. 15. oktober

Opera Nordfjord vart starta i 1998 etter idé frå Kari Standal Pavelich og ektemannen Michael Pavelich, som framleis er sentrale i administrasjon og kunstnarisk leiing. Distriktsoperaen har sidan starten hatt store årlege operaproduksjonar på Nordfjordeid, takka vere omfattande dugnadsinnsats av ca. 200 frivillige. I tillegg til hovudproduksjonen om hausten turnerer Opera Nordfjord med eit nytt konsertprogram kvar vår til konsertstader på nordvestlandet. Samarbeid med andre aktørar står sentralt i operaen sitt virke, Eid vidaregåande skule er fast samarbeidspart i produksjon av kulissar og rekvisittar kvar haust, og Musikklinjekoret ved Firda vidarergåande skule har jamnlege konsertsamarbeid om våren. I tillegg er det eit utstrakt samarbeid med andre distriktsoperaer og Den Norske Opera & Ballett gjennom samproduksjonar eller utleige/lån av delproduksjonar. Familieproduksjonen vart innført i 2013 med balletten Nøtteknekkaren. Sidan har både The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown fått god mottaking av publikum. Fast spelestad er Operahuset Nordfjord på Nordfjordeid, og administrasjonen har kontorstad i ærverdige Gamlebanken i Eidsgata.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.