Skip to main content

Breitt fokus på migrasjon

Nyhet   •   okt 25, 2016 12:40 CEST

GRUPPEARBEID: Studentar diskuterte temaene på seminaret opp mot politiyrket.

- Vi femner relativt breitt, og vi går utanfor pensum for å gi bachelorstudentene eit breiare kunnskapsgrunnlag på migrasjonsfeltet, fortel førsteamanuensis Mariann Stærkebye Leirvik.

Bachelorstudentene ved PHS på Kongsvinger fekk i førre veke ei ekstra grundig innføring i temaet migrasjon. Gjennom eit heildagsseminar blei studentane vist noko av bredda på temaet migrasjon. Seks ulike felt blei rørt på seminaret:

1. Etnisitet som ei kjelde til sosial ulikskap

2. Rasisme og diskriminering

3. Eit politi for alle der ein tematiserte "foreldre som er altfor nærverande"

4. Asylsøkjarar

5. Stigmatisering og etnisk profilering

6. Marginalisering og gatekapital

Etter at lærarane hadde gjennomgått dei seks tema, var det studentane sin tur til å fordjupe seg vidare i tematikken. Studentane skulle særleg fokusere på relevansen av tema opp mot politiyrket.

- Heildagsseminaret er arrangert for at studentane skal kunne jobbe vidare med å relatere kunnskapen til praksis, seier Stærkebye Leirvik. 

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar