Skip to main content

Forsking i 2015: Nasjonalt og internasjonalt samarbeid aukar

Nyhet   •   mai 31, 2016 13:11 CEST

TRYKT OG PÅ NETT: Meldinga Forskning 2015 kan også hentast i papirkopi hos Depot, i tillegg til at den er publisert på nett.

Nasjonalt og internasjonalt samarbeid aukar, og det er satt i gang eiga forsking på politireform i inn- og utland.

Dette er hovudtrekk når Politihøgskolen no har lagt fram si eiga årlege melding om forskinga. I forordet blir det vektlagt at Politihøgskolen dei siste åra har hatt sterkt fokus på utvikling av søknader til Norges Forskningsråd og EU sitt rammeprogram. I 2015 kjem tydelege resultat av dette arbeidet. Fleire prosjekt har fått midlar og er no i gong.

Ved utgangen av 2015 deltek Politihøgskolen i seks prosjekt med finansiering frå Norges Forskningsråd, og to prosjekt med finansiering frå EU sitt rammeprogram. Nytt i 2015 er også at høgskolen er ein hovudpartnar i det nyoppretta «Senter for ekstremismeforskning: Høyreekstremisme, hatkriminalitet og politisk vold (C-REX),» ved Universitet i Oslo.

Forsking på reform
Politireform og store endringar i organisasjon og leiing har vore eit aktuelt tema i 2015. Innleiingsartikkelen i meldinga om Forskning 2015 handlar derfor akkurat om politireform og forsking. I artikkelen er det fyrst eit overblikk over Nærpolitireformen si forhistorie, og deretter eit innblikk i politireformar i eit internasjonalt perspektiv. Til slutt er det ein grundig gjennomgang av aktuell internasjonal forsking på politireform. Vidare forskingsarbeid på reform er satt i gang i regi av Politihøgskolen.

Relevant forsking er avgjerande for norsk politi og justissektor. Dette er særleg viktig når det no er store endringar, og fleire kjem. Politihøgskolen skal medverke til at politiet jobbar kunnskapsbasert på alle nivå og i alle typar oppdrag.

Leiande fagmiljø
Avdelingsleiar Haavard Reksten er nøgd med utviklinga.

Haavard Reksten

- Politihøgskolen skal vere eit leiande fagmiljø innan politiforsking i Noreg og Norden. Forskinga ved er i svært god utvikling. Vi ser at nasjonalt og internasjonalt samarbeid aukar, og vi deltek no i fleire eksternfinansierte prosjekt med sterk relevans for politiet.

Han vektlegg også vidare samarbeid, ikkje minst gjennom utvikling av forskargrupper.

- Fokus framover vil vere å styrke den positive utviklinga vi no er i, og å styrke samarbeid på tvers av avdelingar ved etablering av forskargrupper, seier Reksten.

Kritisk refleksjon i forskingPolitihøgskolen deler forskinga inn i fire hovudområde:

  • Organisasjonen, kulturen og åtferda til politiet
  • Politiet sine strategiar, praksis og metodar
  • Politiet sine utfordringar
  • Politiet som samfunnsinstitusjon

I samarbeid med Universitetsforlaget gir Politihøgskolen også ut tidsskriftetNordisk Politiforskning. Årleg arrangerer høgskolen ein forskingskonferanse. Årets tema er «Politiet ved nye grenser - truslar, makt og vern.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar