Skip to main content

Forskingskonferansen 2016: Politiet ved nye grenser

Nyhet   •   feb 29, 2016 13:39 CET

PRESS MOT GRENSENE: Straumen av flyktningar inn mot Europa set press på grensene - og endrar biletet av Europa. Dette er eitt av fleire eksempel på at politiet er ved nye grenser. Foto: Kripos

Politihøgskolen sin forskingskonferanse blir i 2016 arrangert 9. og 10. juni, i lokala på Majorstuen i Oslo. Hovudtema er klart: Politiet ved nye grensar - truslar, makt og vern.

Årets konferanse skal handle om grenser i vid forstand, både dei konkrete som Schengen, nasjonale grenser og nye politidistrikt, men også i meir overførd tyding knytt til grenser for bruk av makt, etiske grenser og grenser for vern.

Væpningsdebatten bringar oss til yttergrensa for politiet sin maktbruk. Bistandsinstruksen skal klargjere kor grensa går mellom politiet og forsvaret sine oppgåver. Operasjonar i Middelhavet og grensekontroll Finnmark er med på å endre biletet av Europa. Internett utfordrar grensa mellom privatliv og førebygging. Dette er berre nokre av tema som vil bli lagt fram og diskutert.

Påmelding og program kjem
Påmelding er ikkje opna, men det vil i næraste framtid bli sendt ut brev til politidistrikt og særorgan om årets påmelding, blant anna med tanke på at talet på politidistrikt er endra.

Meir informasjon om både program og påmelding blir publisert på phs.no.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar