Skip to main content

Trente etterforsking i krise

Nyhet   •   mai 26, 2016 13:16 CEST

ETTERFORSKINGLØFTET: Å øve på etterforsking er ein del av etterforskingsløftet. POD deltok i øvelsen og er svært nøgde med at PHS, Sør-Vest politidistrikt og Oslo pd er med på at politiet no er i gang med å øve på etterforskning også i stabssamanheng

Politihøgskolen har saman med staben i Sør-Vest politidistrikt og Politidirektoratet gjennomført ei øving i krisehandtering med vekt på rollar i etterforsking knytt til stabsarbeid.

Øvinga blei organisert som table-top og er ein del av Stabs- og leiartreningsprogrammet ved Politihøgskolen (PHS). Utgangspunktet var planverket i Oslo politidistrikt, men vel så viktig er erfaringsoverføring mellom politidistrikta, og at kvart politidistrikt lagar eigne tilpassa lokale planverk.

Det er planlagt at fleire distrikt skal gjennomgå denne treninga i år og neste år.

Nødvendig og verdifull
P2-funksjonen har ansvar for etterretning, for koordinering av etterforsking og for evakuerte og pårørande når det blir sat stab.

Stabssjef Egil Eriksen, Harald Vårdal og Jørn Rye Eriksen frå PHS og visepolitimester Gøril Våland.

Stabssjef Egil Eriksen, Harald Vårdal og Jørn Rye Eriksen frå PHS og visepolitimester Gøril Våland. Foto: POD

- Ein viktig satsing er at etterforsking- og etterretningselementet skal vektleggjast og vere ein sentral del av øvingsgjennomføringa, slik det reelt sett ville voren med den typen scenario, seier fagansvarleg ved PHS, Harald Vårdal. Han fortel at øvinga blei sedd på som nødvendig og verdifull trening.

- Sør-Vest politidistrikt gav Politihøgskolen gode tilbakemeldingar og innspel til vidareutvikling av øvingskonseptet. Endeleg program blir planlagt ferdigstilt slik at ny stabsorganisasjon kan starte med programmet når politidistrikta sine organisasjons- og personalløp er gjennomført.

I mellomtida støttar Politihøgskolen politidistrikta med rettleiing og evaluering av nasjonale øvingar, samt store samvirkeøvingar, for på den måten å vareta kompetanseutvikling i interimfasen.

Under evaluering

- For Politihøgskolen var denne samlinga og «testen» eit viktig steg i utviklinga av øvingskonseptet, seier Harald.

Stabs- og leiarutviklingsprogrammet blei over ein to års periode (2014-2015) gjennomførd med politidistrikta i gammal politidistriktstruktur. Programmet er no under evaluering av Forskningsavdelingen ved PHS. I inneverande år skal programmet både reviderast og vidareutviklast. Det gjeld i hovudsak den nettbaserte basisopplæringa som er ein sentral del av programmet, men også sjølve øvings- og treningsprogrammet som skjer i politidistrikta og i øvingsfasilitetane i Justissektorens kurs og øvingssenter (JKØ) i Stavern.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy