Skip to main content

Historisk start for master i etterforsking

Pressemelding   •   jan 28, 2016 13:49 CET

FYRSTE KULL: Studentane er klare for å ta fatt på tre år som masterstudentar.

- Det er ikkje ofte eg bruker ordet historisk, men dette er verkeleg ein historisk dag for Politihøgskolen, sa assisterande rektor Tor Tanke Holm som opna den første samlinga denne veka.

Etter ein lang prosess fekk det etterspurte masterstudiet si godkjenning i fjor haust, og vil møte behovet til etaten for spisskompetanse og styrkje etterforskingsfaget i politiet.

- Endeleg er vi i gong, og vi er veldig glade for å kunne tilby eit erfaringsbasert masterstudium i etterforsking for å møte behovet for fagleg fordjuping og fagleiing, basert på kunnskap nært knytt til praksis. I tillegg til fagleg fordjuping, blir det lagt i utdanninga vekt på kritisk refleksjon over etiske dilemma og rollar i arbeidet med etterforsking, seier studieleiar for masterprogramma, Nina Jon.

Formålet med studiet er å heve kompetansen hos etterforskarar i politiet og tilsette i samarbeidande etatar. Avdelingsdirektør i Politidirektoratet, Knut Smedsrud, sa at det heile startar her:

- Ein kan styre og leie ovanfrå, men utviklinga skjer nedanfrå, nemleg her hos dykk på Politihøgskolen.

Stor interesse for faget
Og det er mange som brennar for faget etterforsking og kampen om plassane på studiet har vore høge. Ein av studentane, politibetjent ved Grønland politistasjon, André Roy Røsberg, fortel at han har sjekka Politihøgskolens nettsider kvar dag etter at studiet fekk gjennomslag hos NOKUT, i håp om å få plass. I alt starta 29 studentar.

- Eg har kanskje minst erfaring av alle studentane her, men eg er verkeleg svolten på å fordjupe meg i etterforsking og utvikle meg fagleg, seier han.

Faktum om studiet:
Erfaringsbasert master i etterforsking gir 90 studiepoeng, og skal gjennomførast som eit deltidsstudium over tre år. Studiet er organisert som eit studium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og har då ei normert studietid på 3 år. Det er obligatorisk nærvær på delar av studiet. Det blir lagt stor vekt på å kombinere erfaring og praksis med teori.

Studiet er organisert i sju emnar som er integrerte og byggjer på kvarandre. Den primære målgruppa er tilsette i politi- og påtalemakt som på ulike fagområde har sentrale rollar og oppgåver innan etterforsking.

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og -kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy