Skip to main content

Openheit og kvalitetssikring skal løfte utdanningane

Pressemelding   •   jan 27, 2016 13:52 CET

OPEN EAVLUERING: Assisterande rektor Tor Tanke Holm understrekar tydinga av ei open og løpande utvikling av utdanningane ved Politihøgskolen.

Den årlege kvalitetsvurderinga frå Politihøgskolen er no offentleg. Den skal vere ei open, solid og kritisk evaluering av eigen innsats - for å løfte kvaliteten på utdanningane ved høgskulen.

Også rapporten for studieåret 2014/2015 tek utgangspunkt i måla for perioden, og vurderer både kva mål som er nådd og utfordringar. Samtidig inneheld rapporten statistikk og kommentarar til faktagrunnlaget. I sum skal dette føre til høy kvalitet og kvalitetsutvikling, slik også lova om universitet og høgskular krev. Openheit og debatt om kvalitetsvurderingane er ein føresetnad.

Studentane blir involverte i aukande grad i kvalitetsarbeidet ved at dei får informasjon om resultata av tidlegare evalueringar og om kva endringar som er blitt gjort på bakgrunn av desse.

- Vi har utvikla systemet vårt for kvalitetssikring i samarbeid med studentane og tilsette over mange år. No meiner vi å ha eit så bra og grundig materiale at vi kan setje inn enda betre og riktigare tiltak for å utvikle utdanningane, seier assisterande rektor Tor Tanke Holm.

Nokre nøkkeltal
Politihøgskulen tek opp 720 studentar årleg til bachelorutdanninga. Gjennomstraumen i studiet er svært bra, 83 prosent har fullført studiet som planlagt etter tre år. Talet som stryk på fyrste forsøk er relativt lågt, og fordelt med «små prosentar» på mange fag og emnar, inkludert operative fag.

I førre studieår blei 1499 studentar tekne opp til vidareutdanning, 220 til etterutdanning, mens 102 teke inn på opplæring etter oppdrag til PHS. Totalt blei 1821 personar tekne opp ved tilboda hos avdelinga for etter- og vidareutdanning. Kvinnedelen på vidareutdanningar er på ca. 41 prosent, knappe 16 prosent på etterutdanningar. Kvinnedelen varierer mykje etter type utdanning.

Det er strenge krav til både opptak - og gjennomføringa - av bachelorutdanninga ved Politihøgskolen. For studieåret 2014/2015 var det 22 saker til vurdering om studentane var skikka, 12 fekk ja på det. Talet saker er høgare enn tidlegare år. Leiinga ved høgskulen legg til grunn at det her kan vere snakk om periodiske variasjonar, dette underbyggjast av at det sidan oppstart av studieåret 2015/2016 har vore svært få saker.

Digitale løysingar
Statistikk viser at store deler av tilsett i politietaten tek etter- og vidareutdanning i løpet av dei fem fyrste åra etter enda bachelorutdanning, noko som gir ein indikasjon på at større deler av dei store kulla på grunnutdanninga kan ventast attende på etter- og vidareutdanning om ikkje altfor lang tid.

Presset på Politihøgskolen sin utdanningskapasitet vil med andre ord auke ytterlegare dei nærmaste åra.

- Vi ønskjer å ta i bruk nye nettbaserte og digitale løysingar i undervisning og eksamen. Dette har høg prioritet, og noko vi arbeider med både når det gjeld grunnutdanninga og ved våre etter- og vidareutdanningar. Vi har det siste etablert eit eige forum for nettbasert læring, og ein pilot for digitale eksamenar skal gjennomførast til våren, seier Tor.

Relevant utdanning
I fjoråret sitt Studiebarometer kjem det fram at politistudentane i bachelorutdanninga «alt i alt» er dei studentane i landet som er mest fornøgdemed studiane sine.

Men også når det gjeld opplevinga av relevans i utdanninga ligg politistudentane på ein fjerdeplass, tett etter odontologi, medisin og sjukepleie. Det viser at politistudentar, på lik linje med dei nemnde profesjonsutdanningane, vurderer utdanninga som svært relevant for yrkesfeltet allereie før dei er i yrkeslivet.

Nye mastertilbod
Politihøgskulen har sidan januar 2014 arbeidet med å utvikle eit erfaringsbasert mastergradsstudium i etterforsking. Målet er å møte behovet for fagleg fordjuping og fagleiing i etaten, som er nær praksis og basert på kunnskap. Studieplanen for erfaringsbasert mastgradsstudium i etterforsking blei godkjent i høgskulestyret i desember 2014. NOKUT godkjente søknaden i september i fjor og studiet startar no i januar.

Samarbeidet mellom Politihøgskolen og Høgskolen i Gjøvik (NTNU) er vidareutvikla. Studieåret 2014-2015 begynte fyrste kull studentar på Høgskolen i Gjøvik på ei ny erfaringsbasert master i Digital forensic and cyber crime investigation. Nordic Computer Forensic Investigators (NCFI) studia ved Politihøgskolen er ein viktig rekrutteringsarena for denne masterutdanninga som no blir i samarbeid med NTNU.

Fleire mål
Politihøgskulen arbeider vidare med å utvikle kvaliteten på fleire område. Stikkord for dette er praksisåret og rettleiinga, kor ein meiner å ha gjennomført eit omfattande lyft. Rapporten nemner fleire utfordringar, og har i tillegg sat opp blant anna følgjande viktige område for utvikling:

  • Vidareutvikle fagplan for bachelorutdanninga for å møte faglege utfordringar og forventingar
  • Revidere og vidareutvikle utvalde leiarutdanningar, eventuelt å utvikle nye leiarutdanningar, medrekna master i politileiing
  • Starte revisjon og vidareutvikling av utdanningstilbod innan dei politioperative disiplinane
  • Heve kvaliteten på sensur

- Eit godt utviklingsarbeid føreset solid grunnlagsmateriale, engasjement og openheit. Rapporten om kvalitetsarbeidet ved Politihøgskolen skal medverke til dette, avsluttar Tor.

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og -kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar