Skip to main content

Politibemanninga aukar - nyutdanna får jobb

Pressemelding   •   mai 18, 2016 13:20 CEST

I 2015 auka politibemanninga med 369 årsverk. Og nyutdanna politi får jobb, 96 prosent av dei som gjekk ut med vitnemål før sommaren 2015 er i jobb i etaten pr 1. kvartal 2016.

Tal frå Politidirektoratet viser ein solid bemanningsauke i politiet, og ein positiv utvikling når det gjeld politistudentane sine jobbutsikter etter enda utdanning. Ved årsskiftet var det 9248 årsverk i politifaglege stillingar i etaten, mot 8879 ved utgangen av 2014. I tillegg kjem nærare 300 politistillingar ved Politiets sikkerhetstjeneste sentralt, her er det også ein liten auke.

Politidekninga aukar også, talet her er no 1,63 pr 1000 innbyggjarar, og 1,77 medrekna særorgana. Målet er 2 pr. 1000 innan 2020.

I tillegg blei det 50 fleire årsverk for juristar i løpet av 2015, og 126 fleire årsverk for sivilt tilsette. Totalt 15.561 årsverk er fasiten for etaten ved utgangen av 2015, ein auke på nær 550 tilsette.

Fleire i jobb, fleire fast tilsette
Det er berre tre til fire prosent som ikkje fullfører den treårige bachelorutdanninga ved Politihøgskolen. Av dei som fullførte tredje år, og har vitnemål, er jobbsituasjonen som følgjer pr. 1.kvartal 2016:

Kullet som gjekk ut i 2015:

  • 96 prosent er i jobb - drygt 40 prosent av desse igjen er fast tilsett.
  • 3. kvartal 2015 var tala for dette kullet at 79 prosent var i jobb og 18 prosent i fast jobb. Ved årsskiftet var 91 prosent i jobb, og det har då vore ein betydeleg auke i begge kategoriar det siste halve året. Nær 93 prosent av dei som fullførte tredje studieår har vitnemål pr. 1. kvartal 2016.

Kullet som gjekk ut i 2014:

  • Over 97 prosent er tilsett i etaten, og drygt 83 prosent i fast jobb.
  • Tala frå 3. kvartal 2015 og ut året viser at nesten like mange var i jobb, men delen i fast jobb har auka frå 74 prosent. Her er det då heile 99 prosent dei som fullførte som har vitnemål.

Kullet som gjekk ut i 2013:

  • Over 95 prosent har stilling i politiet, og 93,5 prosent av desse har fast jobb.
  • Her har også delen med fast jobb auka litt frå 3. kvartal 2015, med 2,5 prosent. Nær 98 prosent av dei som fullførte tredje år har vitnemål frå dette kullet.

Politiutdanning gir jobb

- Sidan vi starta med opptak av store kull har det vore nokre rundar med uro frå studentane når det gjeld jobbmarknaden. Men det visar seg altså at nyutdanna politi får jobb, og etter kvart fast jobb. Utviklinga over fleire år gir eit tydeleg bilete. Politibemanninga aukar i tråd med målsettingane, og utdanning gir jobb. Dette heng saman, og er gledeleg for dei unge jobbsøkjarane, for Politihøgskolen og for etaten, seier rektor Nina Skarpenes.

Politihøgskolen er den sentrale utdanningsinstitusjonen for politi- og lensmannsetaten, med eit eige styre som øvste organ. Politihøgskolen høyrer inn under Politidirektoratet og har til oppgåve å gi grunnutdanning for teneste i politi- og lensmannsetaten og etter- og vidareutdanning til dei tilsette i etaten. Politihøgskolen driv forskings- og utviklingsarbeid og fagleg formidling innanfor fagområda sine. Politihøgskolen har fire studiestader: Oslo, Bodø, Kongsvinger og Stavern.

Målet for Politihøgskolen er å utdanne sjølvstendige og reflekterte polititenestemenn og -kvinner, og som politi er det naudsynt å ha eit medvite forhold til eigne haldningar og til eigne val i det daglege arbeidet.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy