Kommunal- og regionaldepartementet

1,5 millionar til energiprosjekt

Pressemelding   •   sep 01, 2010 09:33 CEST

Energiråd Innlandet får 1,5 millionar kroner over tre år for å gjere politikarar i kommunar og fylkeskommunar betre rusta til godt energi- og klimaarbeid.

- Om me skal nå dei klimamåla me har sett oss og klare å redusere utsleppa våre, må alle bidra. Her har norske kommunar ei stor utfordring, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet støtter difor klimaprosjektet ”Fra ord til handling: etablering av et regionalt prosjekt for taktskifte innen energieffektivisering lokalt og regionalt” i innlandsregionen med inntil 1,5 millionar kroner over tre år.

Energiråd Innlandet er eit regionalt, offentleg eigd kompetansesenter som fremjar energieffektivisering om omlegging av energibruk i innlandet. Prosjektet tek mellom anna sikte på å auke kompetansen hos politikarar i kommune og fylkeskommune, samt leiarar i administrasjonen kring energi- og klimatiltak.

- Eg vonar prosjektet i regi av Energiråd Innlandet vil ha stor overføringsverdi for offentleg arbeid med energieffektivisering både lokalt og regionalt, seier Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.