Kommunal- og regionaldepartementet

10 millionar kroner til opprydding i Verran kommune

Pressemelding   •   nov 17, 2010 09:16 CET

Regjeringa løyver 10 millionar kroner til oppryddingsarbeidet etter nedlegginga av Fosdalen Gruber AS i Malm i Verran kommune.

- Med dette vedtaket syner regjeringa at vi tar vår del av ansvaret for at det blir rydda opp etter gruvedrifta ein gong for alle. I framtida kan dette området mellom anna bli eit attraktivt næringsområde, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Arbeidet og prosessane som har vore gjennomførte i kommunen dei siste åra har ført til at folk og næringsliv har fått tru på at Verran er ein kommune med framtid. Det er difor viktig at det positive arbeidet ikkje stoppar opp. Vedtaket som regjeringa no har gjort vil bidra til å få fart på steg 2 i oppryddinga og vidare utvikling. Det er viktig for at Verran skal vere eit lokasamfunn som trekker til seg både næringsliv og nye innbyggjarar, seier statsråd Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.