Kommunal- og regionaldepartementet

15 millionar kroner til daglegvarebutikkar i distrikta

Pressemelding   •   okt 21, 2010 08:52 CEST

Kommunal- og regionaldepartementet lyser no ut 15 millionar kroner til ei ny investerings- og utviklingsstøtte til daglegvarebutikkar i distrikta.

- Dette er eit tiltak for å sikre og utvikle eit godt tenestetilbod i distrikta, og er ein viktig del av regjeringa sitt distriktspolitiske løft. Daglegvarebutikken er eit heilt grunnleggjande tenestetilbod. Eg er derfor glad for at det endeleg er klart for utlysing av midlar i den nye investerings- og utviklingsstøtta til daglegvarebutikkar i distrikta, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet har gjennom mange år hatt ei satsing på daglegvarebutikkar i distrikta, gjennom MERKUR-programmet. Det har likevel synt seg at det er trong for ei ytterlegare styrking som legg til rette for at desse butikkane kan investere, for å modernisere og legge til rette for nye tenester og aktivitetar som kan vere med å sikre vidare drift av butikkane.

Dei butikkane som vert omfatta av denne ordninga ligg i distriktsområde. No vert det lagt ut informasjon om kven som kan søke om midlar til nødvendige investeringar og utviklingsstiltak, og kva krav som vert sette til butikkane i den samanheng. Det er satt av 15 mill kroner til støtteordninga i 2010, og det er gjort framlegg om å føre vidare ordninga med same summen i 2011 også.


Foto: Tessungdalen fjellhandel.

- Nærbutikken og den lokale kjøpmannen betyr svært mykje for folk og lokalsamfunna. Ein moderne dagligvarebutikk har mange funksjoner, i tillegg til å selge brød og mjølk. Butikken lever i et tett samspel med folk i bygda, lokalt næringsliv og lokale styresmakter. Eg vil sterkt oppmode butikkeigarar til å gå i samarbeid med dei som kan være med å legge til rette for auka aktivitet og lønsemd. Folk må også bruke nærbutikken sin!  Og butikkeigarar bør nytte høvet til å søke om midlar for å kunne utvikle og forbetre sin butikk, avsluttar kommunal- og regionalministeren.

Meir informasjon ligg ute på www.merkurprogrammet.no og www.regjeringen.no.