Kulturdepartementet Norge

5 millionar ekstra til Norsk Folkemuseum

Pressemelding   •   des 16, 2009 16:04 CET

Ekstraordinært tilskot frå Regjeringa gjer at museet kan droppe sparetiltak.


– Norsk Folkemuseum er svært viktig både for Oslo og Noreg. Det er særs nødvendig at bygningane blir tekne vare på og at publikum kan møtast på ein god måte, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

Ekstratilskotet gjer at museet mellom anna kan oppretthalde opningstider og guiding på dagens nivå, og dei slepp å kutte stillingar.

Norsk Folkemuseum har meldt inn behov for ekstraordinære tilskot til ei rekke utbetringstiltak. Det er på dette grunnlaget KKD har løyva 5 millionar kroner til museet. Tilskotet tas frå spillemidla.