Kulturdepartementet Norge

556 millionar kroner til Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité i 2010

Pressemelding   •   des 21, 2009 10:01 CET

Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) får 556 millionar kroner av spelemidlane til idrettsformål i 2010. Tilskotet er ein auke på 14 millionar kroner i høve til 2009.

- NIF er den største barne- og ungdomsorganisasjonen i Noreg, og regjeringa ønskjer å styrkje aktiviteten i regi av den frivillige medlemsbaserte idretten, seier statsråd Anniken Huitfeldt.

- Auken skal styrkje aktivitetstiltaka for barn og ungdom, og skal leggje til rette for auka satsing på idrett for funksjonshemma.

Tilskotet til NIF sikrar også vidareføring av ei høg grunnstøtte til særforbunda og ei sterk satsing på toppidrettsarbeidet i Noreg, seier statsråd Anniken Huitfeldt.

Tilskotet til NIF omfattar grunnstøtte til sentraladministrasjonen til NIF, idrettskrinsar og særforbund. I tillegg blir det gitt tilskot til aktivitetstiltak for barn og ungdom og til toppidrett.