Lotteri- og stiftelsestilsynet

Åtvarar mot ulovlege speleautomatar

Pressemelding   •   aug 30, 2012 13:26 CEST

Lotteritilsynet har fått tips om at eit svensk selskap i det siste har prøvd å plassere ut såkalla  ‘Casino/Internett–terminalar’  i Narvik og området rundt. Lotteritilsynet slår fast at dette er ulovlege speleautomatar, og åtvarer kioskeigarar og andre mot å tilby slikt spel.

Dette er speleautomatar som er kopla til server via internett, og spelarar kan mot pengeinnsats vinne pengar ved å spele på terminalane. Den omreisande seljaren hevdar at terminalane er lovlege, og lovar store månadlege inntekter til dei som vil tilby spel på slike maskiner.

Ulovlege terminalar
Lotteritilsynet vil med dette informere om at slike terminalar er ulovlege etter lotterilova. Dette gjeld både sal og drift av slike maskiner. Brot på bestemmelsane i lotterilova kan straffast med bøter eller fengsel i inntil eitt år. Vi åtvarer difor eigarar av kioskar, bensinstasjonar, serveringsstader og andre mot å gjere avtalar om å drifte slike maskiner.

Lotteritilsynet fører løpande tilsyn og kontroll med tilbod og marknadsføring av ulovlege lotteri og pengespel i Norge, også ulovlege speleautomatar.

Tips gjerne Lotteritilsynet dersom du kjem over mistenkelege tilbod om lotteri og pengespel.