Kommunal- og regionaldepartementet

Agder-fylka får pengar til folkehøyringar og utgreiing av samanslåing

Pressemelding   •   nov 05, 2010 10:20 CET

Kommunal- og regionaldepartementet gjev 615 000 kroner til utgreiing og folkehøyringar i samband med ei eventuell samanslåing av fylkeskommunane i Aust-Agder og Vest-Agder.

- Det er viktig at slike lokale initiativ om samanslåing av fylke eller kommunar får økonomiske rammer som gjer det muleg å ha gode og solide prosessar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Støtta, som går til dei to fylkeskommunane, kjem i tillegg til 450 000 kroner som dei fekk til det same føremålet i 2005. Agder-fylka har dermed fått totalt 1 065 000 kroner i støtte for å utgreie samanslåing.

Fylkestinget i Vest-Agder vedtok 15. juni 2010 at fylkeskommunen ønskjer samanslåing av dei to Agder-fylka, men fylkestinget ønskjer ikkje folkerøysting om spørsmålet. Same dag vedtok Aust-Agder fylkesting at dei vil tilrå samanslåing av dei to Agderfylka, men vedtok samstundes å leggje saka ut til folkerøysting i samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2011.

Dei to fylkeskommunane har skissert følgjande framdriftsplan for arbeidet med samanslåing:

  • 2010: Førebuing til folkerøysting i samband med fylkestingsvalet 2011
  • Haust 2011: Fylkestingsval og folkerøysting
  • Haust 2011/vår 2012: Fylkeskommunane søkjer om at departementet greier ut samanslåing
  • Vår 2012/haust 2012: Departemental utgreiing – kontakt regionalt
  • Haust 2012/vår 2013: Stortinget tek stilling til saka

Dersom Stortinget vedtek samanslåing:

  • Haust 2012/vår 2013: Nominasjonsprosessen til ny Agder fylkeskommune
  • Haust 2012/vår 2013: Oppretting av felles nemnd for førebuing
  • Haust 2013: Fylkestingsval for ei periode på to år til nye
  • Agder fylkeskommune (samstundes med Stortingsvalet)
  • Årsskifte 2013/2014: Samanslåing gjennomført

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.