Kommunal- og regionaldepartementet

Arbeidsgruppe for energieffektivisering i bygg

Pressemelding   •   des 22, 2009 10:13 CET

Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete har i dag oppnemnt ei arbeidsgruppe som skal gje innspel til ein handlingsplan for energieffektive bygg. Gruppa skal kome med si innstilling innan 1. juli 2010.

- Energibruken i bygg kan halverast innan 2040. Det er eit særs viktig klimatiltak. Framover kjem vi til å stille stadig strengare krav til energibruken i bygg, men vi er heilt avhengige av at det som skjer på byggjeplassen gjev den effekten vi ønskjer. Vi treng hjelp frå næringa og den einskilde byggjeverksemd for å nå dei ambisiøse måla om energieffektivisering i eksisterande bygg og for at nye bygg skal ha særleg lågt energibehov, seier statsråden.

Gruppa skal foreslå ein tidsplan for opptrapping av energikrava for nye bygg slik at passivhusstandard blir ein realitet innan 2020. Ho skal óg kome med framlegg til korleis ein kan redusere energibruken i eksisterande bygg vesentleg, samt skissere korleis bustad- og byggjesektoren kan bidra til eit karbonnøytralt samfunn lengre fram. Gruppa skal ta utgangspunkt i regjeringa sin politikk for auka omlegging til fornybare energikjelder, og særleg målet om meir bruk av vassboren varme basert på fornybar energi og mindre bruk av elektrisitet og olje til oppvarming.

- Eg har bede Eli Arnstad om å leie gruppa. Med hennar erfaring og den breitt samansette gruppa, er eg viss på at vi om eit halvår har eit godt grunnlag for nye, tydelege grep for  energieffektive bygg, seier Navarsete.

Gruppa er samansett av sentrale personar i byggjenæringa, folk med praktisk byggjeerfaring og representantar frå universitets- og forskingsmiljø, miljøorganisasjonar og offentlege etatar.

Gruppa består av følgjande personar:

Leiar: Eli Arnstad, Stjørdal

Medlemmar:
Tor Olaf Askjer, Horten, Byggenæringens Landsforbund (BNL),
Turid Helle, Trondheim, Enova
Tore Standskog, Oslo, Norsk Teknologi (NT)
Rune G. Tvedt, Stavanger, Kommunenes interesseorganisasjon (KS)
Odd Karl Steinsvik, Tromsø, Privatpraktiserende arkitekt
Magnus Helland, Bergen, Eiendomsutvikler, utbygger
Dag Arne Høystad, Asker, Norges naturvernforbund
Ida Bryn, Oslo, Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF)
Tor Helge Dokka, Kongsberg, SINTEF Byggforsk
Tore Haugen, Trondheim, Norges Teknisk Naturvitenskaplige Universitet (NTNU)
Brit Tove Welde, Trondheim, Husbanken
Brita Dagestad, Oslo, Statens bygningstekniske etat (BE)
Inger Grethe England, Oslo, SFT
Guro Hauge, Oslo, Lavenergiprogrammet

KRD, MD og OED møter som observatørar i møta.