Statistisk sentralbyrå SSB

Arbeidskraftundersøkinga. Sesongjusterte månadsvise tal, desember 2009

Pressemelding   •   feb 24, 2010 10:07 CET

Arbeidsmarknaden held seg stabil

Nedgangen i sysselsetjinga ser ut til å ha stoppa opp. Også i arbeidsløysa
er det berre små endringar frå september til desember 2009.

[Figur: Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000]

[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal, tremånaders glidande
gjennomsnitt. 1999-2009. Prosent]

Etter ei tid med nedgang auka sysselsetjinga frå september (gjennomsnitt
for august-oktober) til desember (gjennomsnitt for november-januar) med
9 000 personar. Dette ligg innanfor feilmarginen til
arbeidskraftundersøkinga (AKU), men er samstundes i tråd med utviklinga den
siste tida, som tyder på at nedgangen i sysselsetjinga har stoppa opp.

Stabil arbeidsløyse

Dei arbeidslause utgjorde ifølgje sesongjusterte tal frå AKU 3,3 prosent av
arbeidsstyrken i desember 2009 (gjennomsnitt for november-januar).
Arbeidsløysa auka dermed med 0,1 prosentpoeng, eller 3 000 personar, frå
september (gjennomsnitt for august-oktober). Dette ligg innanfor
feilmarginen i AKU.

Arbeidsløysa for november (gjennomsnitt for oktober-desember) er blitt
revidert opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,2 til 3,3 prosent.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag
1 000 personar frå september til desember. Legg ein til personar på
arbeidsmarknadstiltak, var auken på 4 000 personar. Også desse tala er
justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74
år. Mellom september og desember ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på
9 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 3 000. Dette gir
ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 12 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + sysselsette= arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + utanfor arbeidsstyrken = befolkninga

Arbeidsløysa aukar framleis i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser stadig oppgang i arbeidsløysa. Danmark
opplevde ein auke på 0,9 prosentpoeng i perioden september-desember, til
7,4 prosent. I EU-15 steig den samla arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng, til
9,6 prosent. I Frankrike steig arbeidsløysa med 0,3 prosentpoeng, til 10,0
prosent av arbeidsstyrken i desember. Alle dei internasjonale tala er
sesongjusterte og henta frå Eurostat.

[Figur: Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000]

[Figur: Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte
arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders
glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000]

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret.
Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som
reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i
talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall
i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR)
vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så
lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne
gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB
gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er
registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på
korttidsopphald.

[Figur: Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2009. I prosent av
arbeidsstyrken ]

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året,
reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei
publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte
tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli,
august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein
må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis
samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein
oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken",
punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga
publisering.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå
tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir
informasjon om dette.


http://www.ssb.no/akumnd/