Statistisk sentralbyrå SSB

Arbeidskraftundersøkinga. Sesongjusterte månadsvise tal, november 2009 Stabilt på arbeidsmarknaden

Pressemelding   •   feb 03, 2010 13:24 CET

Arbeidsløysa held seg uendra frå august til november 2009. I november var framleis 3,2 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. Sysselsetjinga held seg også på same nivå.

Etter lengre tids nedgang heldt sysselsetjinga seg stabil frå august til november. Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ingen signifikant endring frå august (gjennomsnitt for juli-september) til november (gjennomsnitt for oktober-desember).

Stabil arbeidsløyse

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 2 000 personar, frå august (gjennomsnitt for juli-september) til november (gjennomsnitt for oktober-desember), ifølgje AKU. Dette ligg innanfor feilmarginen, men er samstundes i tråd med siste års trend.

Arbeidsløysa for oktober (gjennomsnitt for september-november) har blitt revidert opp 0,1 prosentpoeng, frå 3,2 til 3,3 prosent.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos NAV med om lag 1 000 personar frå august til november. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var auken på 4 000 personar. Også desse tala er justert for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom august og november ser vi ein oppgang i sysselsetjinga på 2 000, mens vi har ein oppgang i talet på arbeidslause på 2 000. Dette gir ein netto oppgang i arbeidsstyrken på 4 000.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette= Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Framleis aukande arbeidsløyse i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. Danmark opplevde ein auke på 1,2 prosentpoeng i perioden august til november, til 7,2 prosent. I EU steig den samla arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng, til 9,5 prosent, medan ho i Sverige steig med 0,3 prosentpoeng, til 8,9 prosent av arbeidsstyrken i november. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat.

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. SjåSysselsette og arbeidslause på korttidsopphald.

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinse for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken”, punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering.

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller